
Julesangerne fra Frelsesarmeen på Thime Station. Frå venstre: Åsa Eikje, Håkon Høyland (delvis skjult), Astrid Salte, Wenche Paulsen, Sverre Vestvik og Karen Håland med gitar.
- Han er min sang og min glede, Han er min Herre og Gud, Jesus i dine hender, jeg hviler til livets slutt.
Frelsesarme-sangane ljoma i veggene på Bryne-puben Thime Station på onsdagskvelden. Pubgjengarane, 80 -90 i talet, song av full hals så mange fekk tårer i auene. Frelsesarme-soldatane frå Bryne med sine gamle og kjende sangar og melodiar laga ei fantastisk ramme rundt den tradisjonelle musikkvelden på Stationen. Den går av stabelen andre onsdag i advent og her blir det samla inn i pengar til arbeidet som Frelsessoldatane gjer blant vanskelegstilte i Bryne-byen.
I tillegg til Frelses-musikantane deltok også kunstmalar Ivan Storm Juliussen med sigøynarsongar og Jorunn Austrumdal Undheim song jazzmelodiar.

For fjerde år på rad åpnar Magnus Rommetveit puben sin på Bryne for Frelsesarmeen.
- 20.900 kroner kom det inn til arbeidet vårt, fortel ei strålande fornøgd Wenche Paulsen i Frelsesarmeen. Ho er ein av Julesangerne i Frelsesarmeen. På puben var ni av medlemmene med. Det kraftige snøfallet førte til at ein del av frelsesangarane måtte melda forfall til arrangementet. Også pubgjestene var litt færre enn tidlegare år på grunn av vinterføret. På det meste er det samla inn 32.000 kroner til Frelsesarmeen i løpet av ein slik førjulskveld på Stationen.
- Dokke må komma igjen og syngja for oss til våren igjen, sa dei unge i røykegjengen utanfor døra då me skulle gå heim. Eg håpar at me kan få det til, seier Wenche Paulsen som meiner at pubverten Magnus Rommetveit fortjener stor takk for at han stiller publokale til disposisjon for ein slik kveld.
Frelsesarmeen på Bryne har fått søknadar om matpakkar til jul frå 80 personar. Dessutan driv dei middagsservering på Bryne ein dag i veka.
- Dette er fjerde året på rad at Frelsesarmeen syng på Station, fortel musikkansvarleg på puben, Torfinn Edland som gjekk på folkeskulen saman med musikkleiaren i Frelsesarmeen, Arvid Salte og pubeigar Magnus Rommetveit.
- Frelsesarme-soldatane tykkjer det er stas å få opptre på puben. Då får dei sjå koss det ser ut der. Dei går ikkje slike plasser til dagleg, seier Torfinn Edland som nå ser fram til Johnny Cash-kveld med Åsland Bros på litle julafta. 18 år på rad har dei hatt pubmusikk på siste dagen før julafta.