Quantcast
Channel: Jonebloggen
Viewing all articles
Browse latest Browse all 93

Med båt og mobil til Bergen

$
0
0

Sola renn på Sletta. Bildet er tatt rett sør for Ryvarden fyr.

 

Mørkredde er eg ikkje. Men det er ikkje langt ifrå. Eg kjenner på det kvar gong eg er ute med båten i heil- og halvmørke.

Mandag 10. desember klokka 7 om morgonen la eg ut frå båthavna i Dusavik med kurs for Bergen. Vêret var perfekt, vermeldinga likeins. Men det var mørkt. Derfor var eg ytterst forsiktig då eg tøffa utover Byfjorden med redusert fart. Lyset på kartplottaren var kraftig dempa slik at eg ikkje skulle bli blenda. Det er viktig å ha nattsynet i orden.

Eg kan ikkje både ta bilde frå båten og av båten på ein gong. Dette er den forrige båten vår i full fart. Den var nesten heilt lik den me har nå.

Eit par båtar var på veg innover fjorden. Eg såg lanternene og heldt meg godt klar dei. Konturane av Bru og Randaberg-landet såg eg godt. Då eg var klar av fyrlykta Gryta heilt nord på Bru, styrte eg mot den blinkande, blanke lyssektoren på Fjøløy fyr. Lenger nord såg eg lysa oppover den høge masta  på fjernsynssendaren på Bokn.

Tanken slo meg: Tenk eg er langt oppe i 60-åra nå, og ikkje høgare i hatten, enn då eg gjekk ærend med lommalykt i 6-7 års-alderen hima i Vormedalen i dei enkle, men trygge 1950-åra.

Sjøen låg blank på Boknafjorden. Dermed blei kursen sett aust for Sveinane og vidare rett inn i Karmsundet. Først då begynte dagslyset å pressa seg på. Det hjelpte på motet mitt også. Farten på båten gjekk opp til 19-20 knop. Ein fin marsjfart med denne båten. Då treng du fem timar til Bergen. Avstanden Stavanger – Bergen er omtrent akkurat 100 nautiske mil.

Eg stokk berre ein gong. Det var då hurtigbåten «Tyrving» kom bakfrå og  passerte meg i full fart på veg nordover i Karmsundet, ein stad mellom Alnor (eg seier det) og Karmsundsbrua.

Over Sletta har eg fôre mange gonger. Fyrste gongen var natt til 16. mai 1970. Då var eg matros på nattruteskipet «Stavanger» og var på veg ut av Rogaland fylke for fyrste gong viss du ser vekk frå ein gong på lastebiltur til Sirdalen. Havstykket mellom Haugesund og Bømlafjorden har eg stor respekt for. Eg går berre når det er fint vêr og dagslys. I mi yrkesaktive tid dekka eg forliset til hurtigbåten «Sleipner» i november 1999 og tenker alltid på det når eg nærmar meg Ryvarden fyr som ligg omtrent midt på Sletta og omtrent på fylkesgrensa mellom Rogaland og Hordaland.

Akkurat då eg såg varden på Litle Bloksa der «Sleipner» grunnstøytte, rann sola, raud og rund, over dei låge fjella i Sveio. Eg måtte sakta på og bruka mobiltelefonen. I dag er det veldig populært å ta bilde av solnedgangar og leggja dei ut på facebook.

Eg fanga soloppgangen på Sletta. Klokka var vel  på veg mot halv ti på dette tidspunktet.

Bømlabrua i låg desembersol.

Det blei vakkert oppover. Bømlabrua blei skikkeleg flotte i soloppgangen. Fjorden hadde eg omtrent for meg sjøl oppover leia mot Bergen gjennom Engesund og over Selbjørnfjorden. Eg kasta berre eit blikk inn i Bekkjarvik før eg strauk meg vidare gjennom Austevoll.

Flott på Bjørnefjorden. Etter å ha komme inne i hovedskipsleia innanfor Sotra var eg tilbake der nattruta mellom Bergen og Stavanger passerte to ganger kvar natt i si glanstid. Ei nordover og ei sørover. Eg tok eit nytt bilde mellom Sotra og Lerøy før eg svinga litt innover og passerte flyplassen på Flesland og styrte vidare mot Vatlestraumen.

Austevoll i bakgrunnnen. Båten er på veg i hovedskipsleia til Bergen mellom Sotra og Lerøy.

Sjølv med vinterutstyr både innerst og ytterst, var det ganske kaldt då eg starta på turen. Men nyoverhalt varmeapparat og desembersol gjorde sitt. Det var godt og varmt inne i båten då eg var framme. Berre ei minus på dekket under kalesja og 24 inne i kabinen.

Temperaturen blei god inne i båten til eg var framme i Bergen.

Ein flotte tur blei det. Kva eg skulle? På service på båtbyggeriet på Askøy. Det var eit par-tre småting som skal rettast på.

Eg la båten frå meg og reiste heim igjen med Kystbussen.  Flotte tur det også. Sjåføren spanderte kaffi på begge ferjene. På fredag reiser eg opp og hentar båten igjen.

Det kan bli eit par solnedgangar på facebook på laurdag. Då har sola snudd. Den er på veg oppover.

God jul!

 

 

 

 

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 93

Trending Articles