Quantcast
Channel: Jonebloggen
Viewing all articles
Browse latest Browse all 93

Min barndoms drosjesjåfør

$
0
0

 

 

Ola Almenningen fekk drosjeløyve og drosjebil rett etter krigen. Her er han med Chevroleten som var den første bilen han hadde.

 

Ola Almenningen var drosjesjåføren for oss som vaks opp i den viktige delen av Hjelmeland kommune i 1950-åra. Då me fekk auer, såg me ein stor, lyseblå amerikaner, Ford Customline. Den kom kjørande med doktor eller prest eller kanskje ein ganske alminneleg Jørgen Hattemakar som ikkje hadde tid til å venta på rutebussen.

Bilen var stor. Ola var ikkje akkurat ei kjempa, men ein stillfarande, blid mann, ofte røykte han på ei pipe med blank ring mellom pipa og munnstykket.

Det  var dyrt å ta drosje frå Hjelmelandsvågen til Vormedalen. Viss eg hugsar rett, kosta det over 20 kroner i min barndom.

I den tida var ikkje privatbilar allemannseige. Dermed var det behov for drosjebil både nå og då. På andre halvdel av 1950-åra oppsto det nye behov. Skulekjøring. Då den evigunge terrengløparen Harry Breiland i si tid som sjuåring skulle begynna på Solvang skule i Hjelmelandsbygda i 1956, blei han og dei andre ungane frå tidlegare Fjellet skulekrins henta med den lyseblå drosjebilen og frakta ned den stupbratte Fossane-brekka til Hjelmeland. På Solvang skule lærde folkeskulelærerinne Eli Bjelland småskule-ungane lese- og reknekunsten, medan folkeskulelærar Tor Sveinsborg, seinare skulesjef i Finnøy, dreiv dei større ungane vidare inn i visdommens vide verd.

Seinare var det framhaldskule-elevar som skulle kjørast heilt frå Vormedalen til Askvik skule der framhaldsskulen var plassert. Den lyseblå Forden blei for liten til alle dei kunnskapshungrige småtassane,  dei større halvstyvingane og framhaldsskuleelevar i langt framskreden pubertetsuvikling.

Svaret blei ein bussunge som denne biltypen ofte blei kalla. Dette var ein Ford Transit. I den blei det plass til fleire.

Bilparken til Ola Almenningen omkring 1960. Drosjen, bussungen og skulebussen. Mercedes-bussen og eigaren blei kjøpt opp av Ryfylkeveiens billag nokre år seinare.

Stadig fleire skuleungar skulle kjørast. Ola Almenningen måtte utvida kapasisteten. Han måtte skaffa seg ein større småbuss. Med Mercedesen som kom rundt 1960 var bilparken på sitt største.  Den lyseblå Customlinen blei skifta ut med ein raud Ford Zephyr. Ein stilig bil. Den har ikkje sonen Johan i si velordna fotosamling.

Nokre år seinare blei Ola Almenningen oppkjøpt av Ryfylkeveiens billag som seinare blei innlemma i Østerhus bilruter i Strand. ØB blei oppkjøpte av Høle og Forsand billag som seinare forsvann inn i Connex som blei til Veolia og nå er Boreal Transport.

Ola Almenningen var fødd 26. november 1900. Etternavnet var Sæbø, men  det var så mange som heitte Ola Sæbø på den tida at det blei masse kluss og misforståelsar av det. Dermed tok Ola etternavnet Almenningen som var navnet på bruket som han overtok etter faren. Bruket var ikkje stort. Gardsdrifta var det i stor grad kona Sina som tok seg av.

Far sjøl begynte å reisa rundt som forsikringsagent. Først for Norske Liv og seinare for Norske Forenede. Etterkvart blei han forsikringsinspektør. Han reiste rundt i eit større distrikt der det var agentar på post. Ein Hanomag personbil brukte forsikringsmannen når han reiste rundt i distriktet. Frå 1937 blei det sett opp bensinpumpe i Almenningen. Det blei det ikkje store forretningen av. Bensinsalget kom sjeldan over 20 liter til dagen.

Då krigen kom i 1940, slutta Ola Almenningen som forsikringsmann. Han hadde bilen og fekk litt bensin til den. Drivstoffet blei i stor grad brukt til å skyssa prest og dokter. Dette var starten på det som seinare blei til drosjebil-kjøring.

Ola Almenningen dreiv også fabrikk og produserte kassar, tresko og træbundsko.

Men Ola Almenningen overtok også kassafabrikken som broren hadde sett opp i Almenningen. Produksjonen blei utvida til også å omfatta treskor og tofler eller trebotn-sko som det også blei kalla.

Sonen Johan kom heim til Almenningen igjen etter å ha gått på skule og jobba litt utanfor Hjelmeland. Han kjørte også ein del drosjebil og hjelpte faren både med gardsdrift og bensinstasjon. Då Johan overtok garden i 1958, følgde bensinsstasjonen med.

I dag er det ein ny Ola som driv bilverkstad i Almenningen og bensinstasjonen på Pundsnes der neste generasjon styrer på.

Johan er 84 år i dag og pensjonist på heiltid.

Ola Almenningen, den gamle drosjesjåføren, døydde i 1972. Mange hugsar stadig den blide mannen med glede.

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 93

Trending Articles