Quantcast
Channel: Jonebloggen
Viewing all 93 articles
Browse latest View live

Er eg alvorleg sjuk?

$
0
0

Eg stokk. Var eg klar for å vandra ut og inn på sjukehuset?

- Kva har skjedd med synet mitt?

Plutseleg blir eg heilt løyen. Eg står og stirer. Heilt åleine har eg overnatta på Hjelmeland. Nå er det tid for frokost. Då oppdagar eg at det er noko spinngale.

Vatnet som eg skal bruka til å koka frokostegget, skal målast nøye opp. Det går ikkje på slump lenger når ein har fått seg eggekokar.

Men det er heilt uråd å greia å sjå skalaen på måleglaset. Synet mitt som var heilt OK i går kveld, er plutseleg ikkje som det skal vera.

Nå skal alle korta på bordet. Både min fyrste og andre ungdom har eg lagt bak meg. Slik er det for pensjonistar. Ungdommen er over. Mange av mine jamaldringar har blitt alvorleg sjuke. Kjenningar har blitt sjuke og har gått bort. Sjølv har eg vore heldig og har vore frisk og rask. Men dette er flaks. Eg kan ikkje lenger innbilla meg at sjukdom og andre plager er noko som berre rammar andre.

Derfor rasa det mange slags tankar rundt i håvet mitt. Kva kan ha skjedd? Er det min tur til å gå inn og ut på sjukehuset frå nå av. Sjeldan eg har greidd å bli så leie meg så fort. Ulike sjukdommar kom eg på. Den eine gjorde meg meir fælen enn den andre.

For over 30 år sidan var eg alvorleg sjuk. Blindtarmen min låg heilt feil plassert. Då eg fekk blindtarm-betennelse, hadde eg vondt på heilt feil plass. Eg måtte gå heim frå jobb og blei skikkeleg vonde.  Legevaktslegen som undersøkte meg, kalla dette for magekatarr. Han meinte eg burde slutta å drikka kaffi. Tenk for ein skjebne for ein oppsøkjande journalist som levde høgt på å farta rundt og snakka med folk. Måtta seia nei takk til kaffi. Eg slutta med kaffi, men blei berre ringare og ringare.

Då eg endeleg kom på sjukehus, var blindtarmen sprukken og eg var heilt elendig. Armane mine var så tynne at vanlege sjukepleiarar ikkje greidde å få festa nåla som skulle gi meg intravenøs næring. Heldigvis fekk dei tak ein mørkhuda, afrikansk sjukepleiar som hadde jobba med tynne armar før. Eg blei frisk. Før i tida døydde folk dersom blindtarmen sprakk.

Tilbake til nåtida.

Når har eg fått orden på helsa og  synet mitt igjen. Eg er heilt frisk.

Årsaka til synsproblemet? Det eine brilleglaset på lesebrillene mine var borte.

God helg!

Drapet på Ropeid-ferja

$
0
0

Sommaren 2005 gjekk «Sand» som turistferje på Lysefjorden. (Foto: Jan Tore Glenjen)

Kaptein Njål Lovra kom på sin stillfarande måte ned frå styrehuset med ein tom  kaffikopp i handa då det kom ein mann, vill i augene, med eit blodig stikkvåpen mot han. Kapteinen på ferja «Sand» greidde å rømma unna desperadoen og kom seg velberga tilbake på brua der han slo full alarm.

Desperadoen hadde følgt etter ein blødande mann om bord i ferja og ned i salongen under dekk. Den blødande mannen greidde å komma seg inn døra til mannskapslugarar og messe og stengja døra etter seg. Der blei den sterkt skada mannen liggjande på dørken rett ved døra til messa medan gjerningsmannen prøvde å knusa døra for å få tak i rømlingen.

Då kaptein Lovra støytte saman med gjerningsmannen var denne i ferd med å leggja på flukt. Han forsvann inn på kaien på Sand og var borte.

«Sand» hadde akkurat komme til kai på Sand ved 20-tida om kvelden måndag 28. august 2000. Det var tid for ein halvtimes pause før neste tur til Ropeid. Alt låg til rette for ein vanleg stille stopp på ferja med kaffi og drøs i mannskapsmessa. Då skjedde drapsdramaet på ferja.

Drapsmannen var ein 36-årig asylsøkar frå Irak. Han hadde komme frå Bergen same kvelden og oppsøkte ein annan irakar som budde på asylmottaket på det tidlegare fjordhotellet på Sand.

Væpna politi gjennomsøkte alle kjøretøy om bord i «Sand» i august 2000 på jakt etter drapsmannen. (Foto: Fredrik Refvem)

Store politistyrkar jakta på drapsmannen. Alle kjørety som skulle med ferja frå Sand til Ropeid, blei gjennomsøkte av væpna politi  utan resultat.

Neste dag ante billettør Tore Vestbø uråd då ein framand mann reiste over fjorden på morgonen. Han hadde tydeleg prøvd å endra utsjånaden så godt han kunne. Dessutan drog han opp lauv frå bukselommen saman med pengane då han skulle betala ferjebilletten. Så raskt som råd fekk Tore Vestbø varsla kapteinen. Den mistenkelege mannen, som viste seg å vera drapsmannen, gjekk på bussen til Haugesund. Ein times tid seinare gjekk politiet til aksjon mot bussen ved Grinde i Tysvær og arresterte mannen utan dramatikk.

Ikkje akkurat norsk ferjekvardag med drap om bord. Men dette skjedde på fjerde skipet i Stavangerske-flåten med navnet «Sand».  Ferja seilte med dette navnet frå 1992 til 2006. Den var 23 år gammal då den fekk eit av dei mest tradisjonsrike navna i Stavangerske-historia.  Navnet var «Fusa» ved sjøsetjinga i 1969. Ferja har hatt fire navn fram til nå.

«Fusa» var den første pendelferja til rederiet HSD i Bergen. Den blei bygd ved AS Haugesund Slip  og levert til HSD 9. juli 1969. Dette var ei vidareutvikling av ei såkalt standard Møreferje – ei pendelferje med plass for 40 bilar og 325 passasjerar. Denne ferja var eit tilbakesteg samanlikna med tidlegare HSD-båtar med omsyn til komfort. Den hadde ikkje salong på båtdekket og hadde heller ikkje pynteskorstein med rederimerket på. Her var HSD-rosetten plassert på kvar side av overbygningen, over skipsnavnet.

«Fusa» var den første pendelferja til HSD då den blei levert i 1969. (Teikning: Bård Kollveit)

I 1989 blei «Fusa» seldt til Stavangerske og omdøypt til «Hjelmeland» og sett inn i ruta over Jøsenfjorden mellom Tøtlandsvik og Vindsvik. 1. juni 1990 blei dei nye ferjekaiane på Nesvik og på Hjelmeland tekne i bruk og «Hjelmeland» blei gåande her til den nybygde «Hjelmeland» blei overlevert til rederiet som nå lydde navnet Rogaland Trafikkselskap. Nå skifta den tidlegare HSD-ferja navn igjen. Nå blei den til «Sand» og overført til ferjesambandet Sand – Ropeid. Dermed blei dette det fjerde skipet som fekk «Sand»-navnet.

HSD hadde ikkje brukt pengar på ein pynteskorstein på denne ferja. HSD-merket var plassert på skutesidene og eksosrøyret var kvitmala. Som Stavangerske-skip blei eksosrøyret påført gul farge med tre raude ringar. Dette går fram av bilda i bloggen.

- Ei kjekk ferje med eit triveleg arbeidsmiljø, seier maskinist Jan Skaar som var om bord i denne ferja over 10 år. Han gjekk om bord alt i 1992 då ferja gjekk mellom Hjelmeland og Nesvik. Han blei verande om bord heilt fram til 2002 då «Frafjord» avløyste «Sand» mellom Sand og Ropeid.

«Sand» fotografert frå ferjekaien på Ropeid i 2003. (Foto: Jon Ingemundsen)

Før ferja kunne setjast inn i Ropeid-sambandet måtte overbygget hevast slik at takhøgda på bildekket blei på 4,5 meter. Dette var eit krav frå takstolprodusenten Meling Bygg  på Sand med støtte frå Suldal billag og Suldal kommune. Dei trong skikkeleg takhøgde for å få levert produkta sine. Før vegen langs Åkrafjorden var ferdig modernisert og uvida, var Ropeid-sambandet ein viktig del av vegen mellom Nordfylket og Austlandet på vinterstid.

- «Sand» hadde ein skikkeleg god Wichmann 5 ACAT på 750 BHK.  Før ferja blei sett inn i Ropeid-sambandet, blei maskinen plukka frå kvarande og overhalt grundig på Rubbestadneset. Dermed var den god som ny då den blei starta igjen.

Det var fire mann på kvart skift på «Sand»: Kaptein, to matrosar og maskinist. Her er mange av dei som var om bord i denne tida: Kåre Vågane, tidlegare ordførar i Suldal, var i fleire år administrerande kaptein. Endre Eide, Bjørn Lund, Johannes Malvin Tveita og Njål Lovra  var også kapteinar.  Maskinistar: Ragnar Amundsen, Kåre Leirvik, Bjørn Egil Søndenå og Jan Skaar. Matrosar og billettørar: Kjell Jørgensen, Geir Håheimsnes, Lars Kristian Vestbø, Jan Henry Bergsbakk, Jan Helge Kvaløy, Svein Ramsnes, Leif Øvrebø og Tore Vestbø.

Sommaren 2005 gjekk «Sand» som turistferje på Lysefjorden.

I 2006 møtte «Sand» den fjerde same skjebne som sin forgjengar. Den blei omdøypt til «Ropeid».

Me dette navnet blir ferja i dag brukt som reserve-ferje for Norled sine ferjer i Trøndelag.

Den femte og truleg siste «Sand» er ferja som blei sett i fart i 2007. Den vil gå mellom Sand og Ropeid fram til brua over Sandsfjorden er ferdig.

Ei endelaus valgnatt på Hidlefjorden

$
0
0

«Strand» er ferja i mitt liv. Eg jobba om bord i den på valgnatta 1969. Det blei ei lang natt.

- Folk la seg med Trygve Bratteli, men vakna med Per Borten, blei det sagt om valgnatta 1969. Dette er kjent for dei fleste. Men berre eit fåtal av oss har gått rundt og vore klar over at ferja i mitt liv, «Strand», seilte fram og tilbake mellom Tau og byen to gonger denne natta med sjukebilen frå Jørpeland.

Valgnatta 1969 blei spesielt spennande. Fire år tidlegare hadde dei borgarlege partia danna regjering med Per Borten som statsminister. Då opptellinga starta på mandagskvelden, såg det ut til at Arbeiderpartiet skulle komma tilbake i posisjon med Trygve Bratteli som ny statsminister. Men i løpet av natta viste det seg at dei borgarlege greidde å få stemmer nok til at Borten-regjeringa var berga.

Dette var fyrste året eg hadde stemmerett. Akkurat då var myndighetsalderen senka frå 21 år til 20 år. Det passa akkurat for meg som var fødd i 1949. Berre så det er klart: Eg har fortrengt kaffor eit parti eg stemte på då.

Sommarjobben på Tau-ferja blei ekstra lang dette året. Eg var ferdig på gymnaset og kunne seila på Hidlefjorden så lenge det var bruk for meg. Derfor hadde eg vore på lensmannskontoret i Hjelmelandsvågen og forhåndsstemt. Då valglokala  åpna i Hjelmeland var eg reist til Tau for å gå om bord i «Strand».

Jan Eie var om bord i «Strand» på valgnatta 1969. Han hugsar det godt.

Dette blei ei langdryg vakt om bord.

Denne veka gjekk ferja mi til midnatt før den la seg til ro for natta. Klokka 6 neste morgon skulle me tørna ut for å gå frå Tau klokka 6.30. Fyrst onsdag middag skulle vaktlaget ha avløysing og fri til fredag.

Det blei litt valgsnakk om bord i ferja utover dagen. Raskt blei det klart at det var fleire av dei andre om bord som ikkje hadde brydd seg om å stemma. For meg var dette litt overraskande. I den litla bygda som eg kom i frå, stemte alle. Alle gjekk på bedeshuset og gjorde borgarplikta si. Eg trur det ville blitt folkasnakk av det dersom nokon gav blaffen.

- Far min stemte alltid Vinstre, sa Tora Berg som var restauratør om bord og blei kalla Sissi av alle. Ho hadde ikkje stemt før ho kom på jobb. Dette hadde ho vondt av, men ordna opp i siste liten. Ein rask telefon til Venstre sitt valgkontor og vips var det Venstre- bil på kaien og henta henne. Og Venstre fekk ein stemme til.

Ein ting var uansett samrøystes om bord. Så snart me var fast fortøya på Tau ved midnatt, skulle me hoppa til køys og sova alt me klarte fram til klokka 6. Som sagt, så gjort.

Problemet var berre at det gjekk mindre enn ein time før natteroa blei øydelagt av ei intens banking i bildekket. Der sto ambulanse-sjåføren frå Jørpeland. Det var sjuketransport på gang. I ett-tida var «Strand» på veg til byen igjen med sjukebilen om bord. Vel framme på Jorenholmskaien i den ferjestøa som nå visstnok skal fjernast, blei det gitt klar melding: Ferja måtte venta i byen til sjukebilen var tilbake frå sjukehuset.

Dermed var det langt på natt før ferja var tilbake på Tau. Den gamle radioen i mannskapsmessa sto og dura valgresultat. Spenninga var visstnok til å ta og føla på. Men dei om bord kjende nok mest på at dei skulle ha vore i køya for lengst.

Så snart ambulansen forsvann opp bakken frå Taura-kaien, var me tilbake i køykleda.

Men kor lenge var Adam i Paradis?

Ein halvtime seinare var sjukebilen tilbake på Tau. Legen som hadde vore med ambulansen til byen, kom nå igjen med kona si. Ho skulle ha barn. Fødselen var nært forestånde.

«Strand» var raskt oppe i full fart igjen. Dei 1500 Wichmann-hestane sparka i frå litt meir enn vanleg når det var snakk om sjuketransport. Det blei påstått at denne ferja kunne pressast opp i 15-16 knop viss det var nødvendig.

Det blei ingen fødsel om bord. Legefrua kom trygt på sjukehuset. Alt gjekk sikkert bra med mor og barn.

Då ferja kom tilbake frå andre ekstra-tur til byen, sto bilar og passasjerar og venta på oss på kaien på Tau. Klokka var ti på halv sju. Nå var det berre å komma seg i rute frå Tau igjen.

Dagen etter den valgnatta 1969, blei langdryg. Me prøvde å sova litt på dagen. Ferja brukt 40 minutt på turen. Var du heldig, kunne det bli ein halv times søvn eit par gonger i løpet av dagen.

Neste natt var heilt etter oppskrifta. Folk la seg med Borten og sto opp med han neste dag.

Godt valg og sov godt til natta! Det skal eg.

Flaggruten fødd som rykande fartsflopp

$
0
0

Den ekle, svarte røyken veltet ut av tunnelen på «Vingtor» når den bakka ut fra kai. (Foto: Johannes Østvold)

Sur dieselrøyk, stadig maskintrøbbel og ein gedigen fartsfiasko.

Slik kan ein raskt oppsummera dei fyrste åra for Flaggruten som såg dagens lys 21. februar 1974. Sjølv om Flaggruten slo gjennom som eit solid merkenavn på Sør-Vestlandet, kom navnet fyrst på plass då Stavangerske, Sandnæs Damp og Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap laga eit sameigeselskap som skulle driva hurtigbåtruta mellom Stavanger og Bergen.

«Flaggruten mellom Stavanger og Bergen skriver seg tilbake til 1960. Nå er det ugjenkallelig slutt. Fra 1. januar 2014 legges ruten mellom Bergen og Stavanger ned, etter 53 år i drift.»

Dette sto å lesa på nettet i sist veke. Den slags får nakkehåra til å reisa seg på fjordabåt-fundamentalistar som meg. Viss Flaggruten lever til neste år, fyller den 40.

Då hydrofoilbåten «Vingtor» gjekk sin fyrste tur mellom Stavanger og Bergen onsdag 15. juni 1960 og innleidde hurtigbåt-æraen i Norge, sto ikkje jubelen akkurat i taket i Sunnhordland. For nattruteselskapa Stavangerske og Sandnæs Damp hadde snappa hydrofoil-ideen rett framfor nasen på hydrofoil-forkjemparane på Stord. HSD fekk ikkje hydrofoil-planane sine godkjente i Samferdselsdepartementet. I departementet frykta dei at hydrofoilane ville undergrava det økonomiske grunnlaget for det finmaska rutebåt-nettet til HSD i Sunnhordland.

Dermed handla nattruteselskapa i sør. Den italiensk-bygde «Vingtor» blei den fyrste hydrofoilen på norskekysten og vekte stor oppsikt. Ein rutefart på 36 knop var omtrent tre ganger raskare enn det som var vanleg i fjordafart på 1960-talet. Systerskipet «Sleipner» kom i 1961.

Fyrst i 1968 fekk hydrofoilane frå Stavanger lov til å gå innom Leirvik på Stord. Men dei hadde ikkje lov til å ta med passasjerar mellom Leirvik og Bergen. Folk som kom sørfra, fekk lov til å gå i land på Leirvik og gå om bord når dei skulle sørover igjen frå Leirvik. Ingen fekk gå om bord for å reisa nordover frå Stord. Dette var HSD-distrikt. Først frå 1972 fekk  DSD og SDA lov av HSD til å ta med passasjerar mellom Leirvik og Bergen.

Den nye Flaggruten blei lansert i store annonser i lokalavisene. Rederiflagga sto side om side i baugen på dei nye westamaranane.

Men i 1974 hadde dei tre selskapa funne saman og laga Flaggruten. Rederiflagga til dei tre selskapa pryda baugen på dei nye westamaranane «Vingtor» og «Sleipner» som blei sette inn i ruta i juni 1974. Det tredje skipet «Draupner» kom i april 1977. Desse westamarane var større enn dei som tidlegare var levert frå Westermoen hydrofoil i Mandal. Dei hadde plass til 180 passasjerar. Kvar båt kosta 6,7 millionar kroner. Det var Stavangerske som sto for drifta av båtane.

Men Flaggruten fekk ein trang start. Dei nye båtane innfridde ikkje forventningane. Dei skuffa både på fart og driftsikkerhet. Dette førte til at dei gamle, utrangerte hydrofoilane blei mykje brukte som reservebåtar.

Dei franske SACM-motorane tålte ikkje hardkjøret. Planen var at dei skulle gi dei nye westamarane ein fart på 32,5 knop, men dei greidde maksimalt 28 knop på gode dagar. Denne motortypen var tidlegare brukt til å driva elektriske generatorar og lokomotiv og eigna seg ikkje i hurtigbåtane sjølv om dei var mykje rimelegare i innkjøp enn dei tyske MTU-motorane som sto i hydrofoilane og dei fyrste westamaranane.

Dei franske dieselmotoranae laga mykje røyk. I tillegg gjekk eksosen ut i tunnellen mellom dei to katamaran-skroga. Når båtane bakka opp, kom røyken veltande ut av tunnellen forut. Det hende også under spesielle vindforhold at den sure eksosen kunne trekkja inn i salongen. Dette førte til ei karateristisk lukt om bord i desse båtane. Folka som jobba om bord klaga også på at lukta sette seg i kleda.

- Den kraftige maskinlyden var også spesiell. Når vinden var nordleg, høyrde eg sørgåande Flaggrute-båt heime på Vardeneset i Stavanger heilt frå den kom ut av Boknasundet og la ut på Boknafjorden, fortalde Freider H. Johansen som var kaptein på «Vingtor» frå 1978 til 1981.

Men var det ingenting bra å seia om desse båtane? Jo, dei var meir passasjervennlege enn hydrofoilane med ein stor salong på eit plan. Dei hadde også meir oppdrift i baugen og tålte meir sjø over Sletta enn hydrofoilane.

Men i medsjø kunne desse båtane vera litt farlege. Spesielt ved nordvestleg vind i innseilinga til Haugesund kunne dei skjera heilt ut og ikkje lystra roret dersom farten var for stor.

Då Flaggruten blei etablert i 1974, hadde westamarane alt slått gjennom som den nye, dominerande hurtigbåt-typen på norskekysten. Det var Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane som var pioneren her. Prototypen «Fjordglytt» blei sett inn i rute mellom Bergen og Sogn og Fjordane alt i 1971. Haugesund Damp innleidde westamaran-alderen i Rogaland med «Karmsund»n som blei sett inn i rute mellom Haugesund og Stavanger i januar i 1972. Stavangerske blei westamaran-rederi i juni 1972 då «Sauda» blei sett inn i Sauda-ruta. Den eksotiske «Mayflower» kom i oktober 1972.

«Vingtor» fotografert på ein god dag i 1975 på veg frå Bergen. (Foto: H. Runderheim, Bergen Sjøfartsmuseum)

Frå Stavangerske si jubileumsbok «Selskabe» frå 2005 med Dag Bakka jr. tek eg med dette om Flaggruten:

«Flaggruten ble en suksess, men ikke uten frustrasjoner.

Båtene var kontrahert for en rutefart på 32,5 knop. Dette viste seg umulig å oppnå, og det ble også klart at belastningen for de 12-sylinders SACM-motorene ved en rutefart på 26 knop var i meste laget. Det ga seg utslag i hyppige maskinskader, noe som igjen førte til at hydrofoilbåtene måtte settes inn som reserve.

Var det nordvest vind fredag ettermiddag, visste maskinfolkene på Skjæret at de måtte innstille seg på overtidsarbeid samme natt; det var bare et tidsspørsmål før nordgående Flaggrute-båt kom hinkende tilbake for reparasjon.

Flaggruten ble påført belastning både ved dårlig regularitet, ved kostnader til ekstrabåt og ved Sjøfartsdirektoratets krav om to maskinister på grunn av maskineriets upålitelighet. Stavangerske som driftsansvarlig tok opp spørsmålet om kompensasjon med Westermoen Hydrofoil og maskinprodusenten. SACM tilbød å gjennomføre en omfattende overhaling med mindre modifiseringer og deretter en ny 12 måneders garantiperiode. »

Laga hål i «Jøsenfjord»-stål

$
0
0

«Jøsenfjord» har stått på slippen i Dåfjord sidan 4. september. (Foto: Vidar Johannes Hauge)

Sidan 4. september har «Jøsenfjord» stått på slipp i Dåfjorden på Stord. Nå blir skroget reingjort under vasslinja. Dermed kan ein avdekka eventuelle svake punkt i dei gamle stålplatene og sørga for desse blir reparert før ein malar opp skroget og set veteranbåten på sjøen igjen.

Cato Jensen og Lars Randa i arbeid med å sjekka tilstanden på «Jøsenfjord»-skroget på slippen i Dåfjord. (Foto: Vidar Johannes Hauge)

- Eit sandblåsingsfirma har vore i sving med båten og nå er 70 pr0sent av skroget ferdig reingjort. I samband med sandblåsinga har ein laga nokre hål, men dette er ikkje uvanleg når ein går over eit slikt gammal farty på denne hardhendte måten. Desse håla blir reparerte. Akkurat nå er også botnventilane tekne ut slik at dei kan bli sjekka og kontrollerte. Det er viktig at å forhindra at ein får ubehagelege overraskingar når båten er på sjøen igjen, seier sekretær i Andelslaget MS Jøsenfjord, Cato Jensen. Han reknar med at «Jøsenfjord» er tilbake på sin faste liggeplass i Sandangervågen på Randøy i løpet av hausten.

15. juni kasta «Jøsenfjord»-mannskapet fortøyningane på Randøy. Då blei båten taua til Stord. Det er utført ein god del dugnadsarbeid også medan båten har vore i Dåfjorden.

Folk frå Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter i Kristiansand har fått oppdraget med å laga ein tilstandsrapport om «Jøsenfjord». Dei skal gå over heile båten medan den står på slippen.

- Nå rapporten er ferdig må me setja oss ned og planleggja den vidare framdrifta i restaurasjonsarbeidet, seier Cato Jensen.

«Jøsenfjord» kom tilbake til Ryfylkefjordane for eigen maskin 20. april 2011 etter over 30 år i Nederland. Båten blei bygd ved Christiansands Mek. Værksted i 1886 for Actieselskabet Dampskibsselskabet Lindesnæs og fekk navnet «Lindesnæs. I 1930 kjøpte Jøsenfjord Rutelag dampbåten. I 1934 blei dampmaskinen teken ut og erstatta med ein Wichmann dieselmotor på 300 HK. Denne motoren står stadig i båten og skal vera den einaste igjen av denne maskintypen. I 1962 blei «Jøsenfjord» ombygd og påsett bildekk.

70 prosent av skroget på «Jøsenfjord» er nå ferdig sandblåst (Foto: Vidar Johannes Hauge)

Her ville Bergesen d.y. byggja hotell

$
0
0

Ein strålande fredagskveld midt i juli. Steinbrygga på Fårøy var ledig for oss. Kveldssol, ro og fred.

- Denne kvelden er heilt perfekt. Varmt, stilt og fint. Nå må me finna oss ei heilt ny havn for natta.

Me var heilt enige der me rek innover mellom øyar og holmar i Ryfylke denne flotte fredagskvelden midt i juli. Klokka var minst sju. Me hadde ingen avtalar og tenkte vel at dei beste plassane var fulle av båtar.

Det stemte på Sauøy midt i Fisterøyane. Kvar einaste fortøyningsbolt var teken. Her var det ikkje kjekt å trenga seg inn mellom ukjende folk og båtar. Nei, slik er det vel på ein slik kveld midt i ferien, tenkte me lett resignert.

Men av og til legg alt seg til rette.

Steinbryggja på Fårøy var det ingen som hadde tenkt på denne dagen. Den låg ledig for oss. Det var berre å smyga seg inn forbi to-tre steinar i sjøen  og leggja seg longside på steinbryggja og nyta livet.

Her var det ingen fresande påhengsmotorar å høyra. Me rigga oss på badeplattforma på båten og kosa oss i kveldssola like til den forsvann bak Halsnøy. Rart at ingen andre hadde enda opp her før oss denne flotte kvelden.

Fårøy ligg midt i smørauga for båtfolk som rek rundt i Ryfylke. Når du har fortøyd ved steinbryggja, har du utsyn til Halsnøy og Børøy. Populære plasser for hytte- og båtfolk i Rogaland. Rett sør for Forøy ligg Byre der det også er mange hytter.

- Skipsredar Sigvald Bergesen d.y. kjøpte denne øya ein gong etter krigen, fortel skysskar og lokalleksikon Jon Arne Helgøy.

På folkemunne på øyane blir det sagt at Bergesen hadde planar om å byggja hotell her. Men dette blei det aldri noko av.

Det som er sikkert er at det blei teke ut mykje stein på Fårøy til bygging av kaiar og brygger. Steinkarkaien i Stavanger skal mellom anna ha blitt bygd av Fårøy-stein.

- I si tid var det ein husmannsplass på Fårøy. Den siste husmannsfamilien skal ha reist til Amerika. Men det var lenge før mi tid. I seinare år har øya har vore mykje brukt av båtfolk, men etter at Ryfylke friluftsråd laga brygger på Søre Børøyholmen har det blitt færre på Fårøy. Men sjøspeidarane frå Sandnes er trufaste og  har leir her kvar einaste pinsehelg. Steinbrygga ligg litt utsett til for sjø frå passerande båtar som kjem frå Finnøy-sida og ikkje er obs på båtar som måtte liggja på Fårøy, seier Jon Arne Helgøy som også fortel at det er flott utsyn over Fisterøyane og resten av Ryfylke frå toppen av Fårøy.

- Bergesen d.y. fekk kjøpa Fårøy av bøndene på Byre for 8000 kroner, fortel Kåre Bjerga frå Halsnøy. Han kan ikkje hugsa at det har budd folk på Fårøy, men han har høyrt at dei siste som budde der flytta til Fogn.

Ryfylke Friluftsråd har ingenting å gjera med Fårøy i dag.

- Men nå i haust har me tenkt å setja oss ned nå og drøfta om friluftsrådet skal ha ein rolle i framtida på stader som Fårøy. Det same gjeld for Espholmen mellom Fister og Hjelmeland, Snekkå på Usken, Riskaholmane, Krogholmen ved Idse, Bergsholmen, Kallestein og Håheller i Lysefjorden, seier dagleg leiar i Ryfylke friluftsråd, Hans Olav Sandvoll.

Så langt friluftsrådet. Då eg høyrde navna som blei rekna opp av sjefen i friluftsrådet, innsåg eg at det stadig er mange plasser eg ennå ikkje har vore innom i Ryfylke.

Snart er det sommar igjen.

Rekord-fangst: Sju teiner, 14 humrar

$
0
0

Her er ei teine med ein hummar. Tenk på han som fann seks i ei teine. (Arkivfoto: Fredrik Refvem)

Han drog sju hummarteiner og fekk 14 humrar sist laurdag. På Rennesøy går det nå gjetord om hobbyfiskar og nordsjø-arbeidar Odd Nordbø. Enkelte nektar å tru at det er sant, men dei fleste må vedgå at alt er råd viss du berre har flaks nok.

Eg har ringt til Odd Nordbø og snakka med han. Han virka truverdig og glad, ikkje minst.

- Du ser det. Tysdag den 1. oktober klokka 8 var det lovleg å setja ut teinene. Fyrst var eg med svigersonen min, Terje Øvrebø, og sette ut dei ti teinene hans på Nordbøvågen på Rennesøy. Deretter reiste kona og eg til hytta vår på Liarvåg i Tysvær. Der sette eg ut sju teiner på dei vanlege plassene der som svigerfar min synte meg i si tid, fortel Odd Nordbø.

Sist laurdag drog han inn igjen til Liarvåg for å dra teinene sine.

- Svigersonen hadde ikkje fått ein einaste hummar på Rennesøy. Difor hadde eg små voner på Liarvåg. Her sto det mange teiner. Før eg begynte å hala på teinene, tenkte eg at det er god greier viss eg fann alle teinene mine igjen.

I den fyrste teina var det tre humrar.

- Kva tenkte du då?

- Nå har eg fått dei humrane eg skal ha i år.

Men så drog eg nummer to. Der var det seks.

- Kva tenkte du då?

- Once in a lifetime, som me seier på Rennesøy. Ein av dei seks var forresten ein rognhummar som eg straks hivde  på sjøen.

Ein spesiell dag blei det for Odd Nordbø. I den tredje teina fekk han to til. I den fjerde var det ein som ikkje heldt minstemålet. I den femte teina var det ein ny. Den sjette var tom. I den sjuande og siste var det ein hummar.  Dette blei 14 humrar totalt. Av dei kunne Odd Nordbø ta 12 med seg heim. Dei to siste gjekk på sjøen igjen.

61-åringen har inga god forklaring på denne fiskelukka. Sidan Odd Nordbø var gutunge, har han putla med hummarfiske om haustane.  Han hadde nesten nye og fine skotteteiner. Agnet var det vanlege. Makrell og bergsugge som lukta passeleg surt.

- Eg har ein mistanke om at det var eg som fekk alle humrane i dette området. Det var mange andre teiner då eg sette der. Men nå har alle flytta dei til andre plasser. Eit lukketreff. Omtrent som han mannen som vann både V75 og Lotto nå sist helg. Dette kjem eg ikkje til å oppleva fleire gonger i mitt liv, seier rennesøybuen som har teke teinene på land og putta hummarfangsten i fryseboksen.

Men det er ikkje utelukka at han prøver å setja teinene ein gong til medan det er lovleg å fiska hummar i år. Frå 1. desember er hummaren fredag igjen.

Fiskelukka til Odd Nordbø har ikkje smitta over på svigersonen sine teiner i Nordbøvågen. Der har det ikkje vore ein hummar til nå i år.

Moralen i denne soga? Til og med rennesøybuar kan gjera det stort her i verda viss dei berre kjem seg ut. Av og til er det nok å komma seg over fjorden til Nedstrandslandet.

(Sjå ny hummar-blogg i morgon tidleg)

Seks humrar i ei teine! Utruleg?

$
0
0

- Eg har fått fem teiner i ei teine, seier Eileiv Kloster som trur det går mot eit normalt godt hummarår.

- Eg har fått fem humrar i same teina ein gong, men seks i ei teine har eg aldri hatt, seier yrkesfiskar Eileiv Kloster frå Sørbø på Rennesøy.

- Dette nektar eg å tru. Fire-fem humrar ja, men seks: Nei, seier brumlebassen Tor Bernhard Harestad som driv både med sjarkfiske og har fiskemottak på Bru i Rennesøy.

- Eg nektar å tru at du kan få seks humrar i ei teine, seier Tor Bernhard Harestad.

I går skreiv eg om hobbyfiskaren Odd Nordbø som fekk seks humrar i same teina og totalt 14 humrar på sju teiner. Dette har blitt ein snakkis blant folk som interesserer seg for hummarfiske. Det viser seg at det det er ein del som har fått tre humrar i same teina nå i haust.

Eg har lagt fram dette for to profilerte hummar-fiskarar frå Rennesøy kommune. Dei er yrkesfiskarar og driv med 100 teiner.

- Det høyrest heilt utruleg ut, seier Eileiv Kloster som snart har 50 år bak seg som profesjonell sjarkfiskar. Han reknar det som normalt å få 25 humrar på 100 teiner. Yrkesfiskarane har etter gjeldande regler lov til å fiska med 100 teiner. Hobbyfiskarar har lov til å ha 10 teiner på ein båt.

- Hummarfangsten er omtrent som i fjor. Kanskje litt lågare, seier Eileiv Kloster som ikkje har stor tru på at forbodet mot å fanga rognhummar vil ha særleg effekt på totalfangsten. Men dette vil visa seg frå og med neste år. Då er det tid for å kunna sjå effekt av fredninga av rognhummaren.

Tor Bernhard Harestad hadde fått 73 humrar fram til i går formiddag. Han reknar med at han har fått 100 humrar rett over helga.

- Eg trur at hummaren ikkje er ferdig med skallskiftet ennå. Derfor meiner eg at det hadde vore betre at hummarfisket gjekk frå 1. november og fram til jul, seier Harestad.

Hummarfisket får me komma tilbake til litt lenger utpå hausten.

God helg!

Dei åt opp settepotetene for ikkje å svelta i hel

$
0
0

I dei bratte liane på sørsida av Jøsenfjorden (til venstre) samla husmannen på Oksabåsen fôret til dyra sine. (Teikning av Odd Geir Hadland)

Det fanst ikkje mat igjen i den vesle husmannsstova til dei åtte ungane og foreldra. Husmannen såg ikkje anna råd enn å grava opp setjepotetene som skulle gitt familien mat til vinteren. Så magert var det på husmannsplassen Oksabåsen under Vormeland i Hjelmeland, heiter det i soga. Men ungane vaks opp og var arbeidsviljuge. Ein eller annen velgjerar hjelpte eldste sonen med penger til billett til Amerika.

Der greidde han seg godt. Etter forholdsvis kort tid kom det billett frå Amerika til nestemann i syskenflokken. På denne måten kom dei seg over ein etter ein. Til slutt sat dei utslitne foreldra igjen på husmannsplassen. Men trur du ikkje det blei ei råd for dei også. Dei kom til Amerika og møtte ungane igjen.

Ein sentimental, men lukkeleg end of story.

Oksebåslia i dag. Det er truleg restene av den gamle husmannstova som ligg i forgrunnen. Her har det også vore ein gammal vedakomfyr. Jone Vormeland frå Klepp eig grunnen og den velstelte hytta.

Den flotte historien kom fram då me rydda i bokhyllene. Boka «Eg veit meg ein fjord» som den pensjonerte læraren Johs. Gill gav ut i 1975 dukka plutseleg opp og dermed fortapte eg meg i den. Forfattaren var frå Jøsenfjorden, men arbeidde som lærar og budde i Stavanger i mange år. Men han gløymde aldri fjorden der han kom frå.

Her er eit utdrag av historien om Oksabåsen slik Johs. Gill skreiv den:

På bråtet på austsida av Tytlandsvika ligg to fjellgardar, Vormeland, tidlegare ein. Til denne garden høyrde og eit nedlagt husmannsplass inn i marka. Denne heiter Oksabåsen. Her budde Erik frå Berget, på nordsida av fjorden, med den store huslyden sin. Det var eit heller lite plass med lite jord og elles lite å slå seg ut på. Hadde dei ei ku og to-tri sauer var det høgda. Men barneflokken var stor, og mange munnar å metta. Verst var det når barna var små. Då måtte mor ty til Helga Vormeland. Helga var hjelpsom og ho hjelpte mange. Ho høyrde til dei haugianarkvinner som det fanst nokre av kring i bygdene som hjelpte fattige og såg til sjuke og gamle.

Verst var det for husmannen i vårknipa, og betre når det hausta på. Då var han fri pliktarbeidet hjå husbonden og kunne berga i hus noko til seg sjølv. Ein slik godversperiode om hausten var kalla husmannssumar. Då var bæra mogne og auren gjekk på gôtet, så mykje matnyttigt kunne hentast heim frå mark og hei.

I Oksabåsen var huslyden stor – åtte born og ofte berre svolten. Ein vår hadde dei sett poteter som skulle vera til hjelp komande vinter, men nokre dagar etter vart svolten så stor at dei måtte gå på åkeren og spa opp potetskorane, koka dei og eta dei opp.

Amerikafeberen var komen til bygdene nå, og den kom også til Oksabåsen. Der gjekk fleire arbeidsviljuge gutar, men pengar til billett vanta. Så vart den eldste hjelpt så han kom seg over. Det første han gjorde då han fekk seg arbeid, var å senda billett til den nest eldste broren, og så gjekk det slag i slag til alle åtte var komne over, og alle fekk arbeid, og tok seg godt til.

Dei gamle sat nå att aleine i det gamle reiret sitt, oppe i åra og utslitne. Kva hadde dei å møta alderdomen med? – Det var’kje ein gong fattigkassen å trøysta seg til då – for å ikkje å nemna alderstrygd. Når dei ikkje vann meir, var det å koma på bygda, med andre ord, dei vart sende kvar sin veg på legd. Kva det vil seia å koma på legd, veit berre dei som har røynt det – .

Så gjekk eit år eller to, og dei to gamle i Oksabåsen hadde roa seg til. Dei hadde ikkje noko ljosare framtidsvoner dei heller. Det kom av og til Amerika-brev, alt gjekk godt for borna, og det var dei glade for.

Det gamle ekteparet frå Oksabåsen reiste med rutebåten «Haukelid» frå Tøtlandsvik til Stavanger då dei skulle til Amerika, fortel Johs. Gill.

Men så ein dag kom det eit ekstra brev. Dei baud foreldra å koma over. Billettar skulle dei få så snart det kom svar. Det vart så stille -  og så våte augo i den gamle stova etter at brevet var lese. Kva skulle dei gjera? Jau, først fór dei til Vormeland for å fortelja – og få råd. Det var ei både vågsam og slitsam reis over til Amerika då. Ikkje berre nokre timar då, nei.

Men enden vart at då dei såg kva som venta her heime, slo dei til. Billettane kom og dag og dato for avreisa vart sett: Først med «Haukelid» frå Tytlandsvik, og så ville det gå etter tur og orden. Den gamle døra i Oksabåsen vart stengt for godt og første kvelden drog dei til Vormeland og natta over der. Helga spurde gamlemora om det var noko ho særleg ynskte seg når ho kom over. «Ja, at eg ennå ein gong får sitja til bords på ein gong med alle åtte borna våre», var svaret.  – Så er kort å melda, det fekk ho, både ein og fleire gonger. Heimvende amerikanerar har kunna fortelja at det gjekk Oksabås-folka godt, og at det bur mange ætlingar «der over» den dag i dag.

Dette var historien slik den står i boka.

Men går det an å finna ut meir om familien. Kva er sanning, kva er segn?

Hjelmeland har seinare fått bygdebok med gards- og ættesoge.

Frå Trygve Brandal: Hjelmeland. Gardar og folk.

Under kapitlet om Vormeland står det fylgjande om Oksabåsen. Frå kring 1870 budde det ein stor familie i Oksebåslia. Det var Erik Knutson frå Ramsliå og Brita Askjellsdtr frå Ulladalen. Dei fekk til saman 13 born.

I 1865 var gardbrukarfamilien på Vormeland meir enn sjølvforsynte med mat. Det var nok langt frå at denne husmannsfamilien var det. Dei måtte kjøpa ein heil del mat, og pengar til å betala den med måtte skaffast med lønsarbeid. Korleis dei i det heile klarte å livberga seg her, er uforståeleg. Men dei budde her i over 20 år før dei emigrerte til Amerika.

OKSEBÅSLIÅ

Erik Knutson f. 1839 på Y. Ramsfjell G. 1860 m. Brita Askjellsdtr f. 1841 på Meland, Suldal.

Born: 1. Knut f. 1861.  2. Askjell f. 1863. 3. Johan  f. 1866. 5. Johannes f. 1868. 5. Berta  f. 1871. 6.Torborg f. 1872. 7. Odd f. 1874.  8. Edvard f. 1876  9. Berdines f. 1878. 10. Andreas  f. 1880. 11. Anna Kristine f. 1883. 12. Berta Johanna f. 1886 13. Ola f. 1888.

Brita og Erik budde kring 10 år på Ramslia under Indre Ramsfjell før dei flytta hit. Det er utruleg at ein stor huslyd kunne livberga seg i Oksabåsen. Plassen ligg 3-4 kilometer frå garden.

Jordvegen var ørliten. Til vinterfôr måtte dei mest lita på lyng, beit og skav. Om vintrane skov Erik nede på Almelia og bar skavet opp ein veg som er vanskeleg nok å gå sommarstid. Her sat han og skov attunder ei fjellufs som gav noko livd. Her vart det heitande Erikshidleren.

Heile huslyden emigrerte til Amerika. Korleis det gjekk til, er etter tradisjonen ei solskinnshistorie frå den norske emigrasjonshistoria, som nok ikkje var så vanleg. Eldste sonen fekk hjelp av einkvan til å koma seg over «dammen». Han hjelpte så nestemann over, og slik heldt det fram til alle borna og dei gamle foreldra var samla i Amerika.

Familien frå Oksabåsen busette seg i Leland i Illinois. Her finn du staden avmerka på det store kontinentet.

Pensjonert politimann Bjarne Jørmeland har lagt ned mykje arbeid med slektsgransking i Ryfylke. Han hadde mykje stoff om husmannsfamilien frå Oksebåslia der det ikkje var åtte ungar, men 13 som voks opp og greidde å komma seg over til Amerika. Og var foreldra så gamle og utslitne då dei drog over til Leland i Illinois?

Kjeldene fortel at Britta og Erik Oksebåslien reiste til Amerika i 1891. Dei tre yngste barna reiste truleg til USA saman med foreldra sine i 1891. Yngstemann Ola, fødd 1888 døde i 1894 i USA.

Dei andre 12 levde i beste velgåande i 1900. Dei blei alle gifte og fekk ungar.

Oksabås-borna har sjølv opplyst når dei emigrerte. Her står fødselsår og året dei opplyser å ha reist frå Norge:

Knut 1861 – 1883, Askjell 1863 – 1882, Johan 1866 -   1884. Han blei amerikansk statsborgar i 1886. Berta 1870 – 1880 (?), Torborg 1872 – 1891. Ho kalla seg Tillie i USA. Odd 1874 – 1890. Edvard 1876 – 1886. Berdines 1878 – 1890. Kalla seg Benny i USA. Andreas 1880 – 1891. Han gifta seg med Marta Karina Sæbø frå Hjelmelandsvågen. Bror hennar var Johan Sæbø som var farfar til Johan Almenningen på Hjelmeland som lever i beste velgåande den dag i dag.

Britta døde i 1912, Leland, Lasalle, 62 år gammal. Erik blei nesten 90 år. Han dødde i Lasalle i 1927. Han hadde 46 oldebarn då han døydde.

Alle ungane frå Oksabåsen reiste til Amerika. Men Bjarne Jørmeland fortel meir: Torborg (kalt Tillie) 1872-1958 reiste faktisk tilbake til Norge. I 1894 i LaSalle county, IL blei ho gift med Jarcob Berner Torson (brukte Osmund som etternavn) 1869-1941. Jacob var fødd på Galta i Rennesøy og hans far Tore hadde tidligere budd på Brathetland i Høle. Så ved folketeljinga i 1900 budde Torborg og Jacob på Brathetland. Dei fekk sju barn i Illinois før dei reiste til Brathetland, men i august 1900 blei sønnen Joseph Tilden Osmund født på denne garden. Alt i 1903 er dei tilbake i Illinois, der dottera Margaret blei fødd. Dei hadde ti barn.

Heime i Jøsenfjorden og Vormedalen var det mange som hugsa den store familien frå Oksabåsen som reiste til Amerika.

Ingvar Bjørnhus frå Vormedalen fortel at Ommund Tøtland frå Tøtland, som var utvandra til Amerika, skreiv heim til kjenningen sin i Vormedalen, Johannes Øvrabø, far til Gunvald Øvrabø, i 1905 eller 1906: Ja, han er gammal nå Erik Okselien, men han har greitt seg bra og er ein holden mann.  Johannes Øvrabø hadde tidligare bede han om å helsa til morbror sin. I eit seinare brev kjem beskjeden om at Erik er død.

Bjørnhus stiller seg litt tvilande til om dei åt setjepotetene på Oksabåsen: Åkrane på plassen var små. Setjepotetene var berre skalet som spirene var fest til. Om dei nå grov opp desse skovene og åt dei, kor mange måltid rakk dei til? Og det store spørsmålet er så, kor fekk dei mat resten av året? Det var igrunnen tankelaust å ete opp grøda på den måten.

Det blei uansett ein lukkeleg slutt på soga om husmannsfolket frå Oksabåsen.

Godt helg!

Gestapo blei stoppa av Eldrid Helgaland

$
0
0

Dei fire syskena på Helgaland i 1960 rett før dei flytta frå garden. Frå venstre: Eldrid, Anna, Ånen og Lars. Dei var ti sysken i alt. (Foto: Oddvar Lavold)

Til og med Gestapo og norsk statspoliti  stoppa då dei møtte Eldrid Helgaland i trappa med armane i kross. Vegen var stengd. Då hadde dei saumfore resten av huset,  men inn på loftet i Tordenskjolds gate i Stavanger der husholdersken hadde sitt jomfrubur, fekk dei ikkje komma uansett om dei dreiv med razzia aldri så mykje.

Nazistane var på jakt etter motstandsmannen Andreas Cappelen, seinare både justisminister og utanriksminister, då dei trengde seg inn i huset til parfyme-handlar Hans Koch og møtte den vel 40 års gamle jenta frå fjellgarden Helgaland i Hjelmeland.

- Eg opplevde Eldrid som ei mektig dame og strengt religiøs. Ho abonnerte på det kristlige bladet «For fattig og rik», kan eg hugsa. For oss barna var ho veldig viktig og lærde oss mange ting om nøysomhet som kom godt med i slutten av krigen, fortel Fredrik Koch. Han var son i huset der Eldrid Helgaland kom inn som hushjelp og seinare husholderske for enkemannen Hans Koch. I ti års tid styrte ho huset til familien Koch.

Hans Koch gifta seg på ny i 1942. Den nye kona fekk også oppleva at Eldrid var myndig. Ho slapp omtrent ikkje inn på kjøkken. Der var det Eldrid som regjerte.

Kvar påske og sommar reiste familien Koch på hytta på Høle. Der var Eldrid sjølvsagt med. Då låg ho på flatseng på golvet på loftet saman med ungane.

To somrar tok Eldrid med seg Fredrik Koch og syskena til Helgaland der fire ugifte sysken av Eldrid budde. Byungane fekk  vera med i arbeidet på garden.

På Helgaland var syskena til Eldrid stolte over at søstera hadde fått seg huspost hjå Hans Koch som var «parafyme-handlar i Kørkjegadå i byn».

- Det var ein fest å vera med Ånen i gardsarbeidet. Han var åpen og kjekk å snakka med. Broren Lars var meir stillfarande, fortel Fredrik Koch som hadde fortalt kona si, Kari om den myndige og strenge Eldrid. Då ho seinare møtte Eldrid, stilte ho seg tvilande til at den gamle husholderska skulle ha vore så streng og myndig. Ho virka ikkje slik på henne.

Medan Eldrid var i byen under krigen og opplevde korleis tyskarane herja og huserte der, gjekk den 17 år eldre systera heime på Helgaland der livet gjekk omtrent som det alltid hadde gjort.

- Tenk nå er krigen slutt utan at eg fekk sjå ein einaste levande tysker, sukka Anna i 1945.

Fire år seinare, i 1949, døydde Karina Helgaland. Anna var då  igjen med dei to brørne Lars og Ånen. Dermed flytta Eldrid heim til garden igjen slik at Anna ikkje blei åleine med dei to brørne. Dei fire syskena blei buande på Helgaland fram til hausten 1960. Då blei garden fråflytta.

Fotturistar på veg frå Kleivaland i Vormedalen til Trodla-Tysdal, passerer Helgaland på turen.

Planen var å laga ein blogg om den fråflytta fjellgarden Helgaland og folka som budde der. Men eg har samla saman altfor mykje stoff til å få alt med i ein epistel. Dermed blir det meir i dagane som kjem. Fylg med i neste bolken!

Kong Haakons blekk bleikna på Helgaland

$
0
0

Anna Helgaland bøtte mange par sokkar i sitt liv. (Foto: Oddvar Lavold)

Kammertjenaren til kong Haakon gjorde ein tabbe den 26. januar i 1953. Han gav kongen ein penn med dårleg blekk. Haakon R skreiv kongen med si lett kjennelege handskrift på diplomet der det blei dokumentert at Anna Helgaland hadde fått kongens sølvmedalje for lang og tru teneste som vêrobservatør. Medalje og diplom blei sendt frå slottet i Oslo til Hjelmeland kommune.  Ordførar Georg Vika gjekk eins ærend på eigne føter frå Kleivaland til Helgaland for å overrekkja kongens heder til Anna.

I Aftenbladet sto det ei notis om saka 19. mai 1953:

Notis i Aftenbladet 19. mai 1953.

Både medalja og diplomet blei hengd opp på veggen i bestestova på Helgaland. Alle som kom til gards fekk sjå kva Anna hadde fått frå kong Haakon. Alle fire syskena på Helgaland var like stolte av at kongen hadde hugsa på dei oppe på fjellgarden mellom Vormedalen og Trodla-Tysdal. Kong Haakon var omtrent for ein halvgud å rekna i etterkrigsåra. Han hadde stått rank og trufast opp mot fiendane våre under krigen og berga landet frå tysker-tyranniet.

Kongediplomet frå 1953 er vel bevart, men kongen si underskrift forsvannn på eit par års tid. (Foto: Einar Helgaland)

Men trur du ikkje at underskrifta til kongen begynte å bleikna etter kort tid. Etter to-tre år var den ikkje å sjå lenger. Når folk fekk sjå helsinga frå kongen, peika Anna på staden  der det hadde stått Haakon R. - Akkurat der hadde kongen skrive navnet sitt, sa Anna.

Dei fire syskena på Helgaland i 1960 rett før dei flytta frå garden. Frå venstre: Eldrid, Anna, Ånen og Lars. Dei var ti sysken i alt. (Foto: Oddvar Lavold)

Dei fire ugifte syskena på Helgaland, Lars, Anna, Ånen og Eldrid, var umåteleg gjestfrie. Alle som kom til Helgaland blei serverte og trakterte i bestestova med alt det beste dei hadde å by på. I tillegg fekk dei sjå sølvmedalja og diplomet frå Kongen.

I over 40 år observerte Anna vêret. I den inngjerda hagen utanfor huset sto eit stativ med måleglaset der nedbøren blei samla opp. Kvar dag noterte  ho nedbørsmengde og temperatur på Helgaland. Desse opplysningane blei sende i posten til Meteorologisk Institutt.

Seinare kom det ordre om at vêrobservasjonane frå Helgaland skulle ringjast inn kvar dag. Dette blei i det meste for Anna. Tenk rikstelefon frå Helgaland til Oslo kvar dag!

- Ho ordna det slik at ho fekk dama på telefon-stasjonen på Laugaland, Anna Johanna, til å ringja til Oslo for seg, fortel 79-årige Rolf Torjusen frå Sandnes som har feriert på Helgaland heilt sidan 1943.

Det mangla aldri på arbeidsoppgåver for Anna på den veglause, straumlause fjellgarden. Systera Karina (1885 – 1949) tok seg av matstellet. Anna tok seg av det som blei rekna for kvinnfolk-arbeidet i fjøset og utandørs. Ho håndterte både rive og stuttljå med godt handlag. Og humøret og den lune replikken var der alltid.

- Tenk, nå er krigen slutt før eg fekk sjå ein einaste levande tysker, sa ho ein gong og smilte litt. Innerst inne var ho nok glad til. Systera Eldrid hadde vore i Stavanger under heile krigen som hushjelp og husholderske hjå familien Koch. Ho fekk møta både tyskarar og norske nazistar. Ho flytta heim til Helgaland i 1949 då systera Karina døydde.

Men Anna og syskena var ikkje folkesky eller aldeles heimfødingar. Fleire gonger i året reiste Anna på besøk til syskena sine. Ho hadde to systrer, Taletta og Olava, som var gifte og budde på Jøsneset 0g to brør, Torkel og Olaus, som budde i Askvik, rett utanfor Hjelmelandsvågen. Frå Helgaland måtte dei gå til Laugaland der dei kunne reisa med buss til Hjelmeland.

Det blir fortalt at ein gong i sine yngre dagar bar Anna den 17 år yngre veslesystera Eldrid på ryggen gjennom den svært ulendte Djupedalen mellom Kleivaland og Helgaland. Då veslejenta ikkje orka å gå lenger, såg ikkje systera anna råd enn å ta henne på ryggen.  Her er det svært uvanleg å ferdast i dag.

På sine eldre dagar fekk Anna skikkeleg skyss. Ho blei alvorleg sjuk ein gong på 1950-talet. Inneklemt brokk, ifølge nevøen Torger Helgaland. Då kom det helikopter til gards for å bringa pasienten til sjukehuset i byen. Ei storhending på denne tida. Eg har også høyrt at ho blei frakta heim igjen til Helgaland med helikopter, men det har eg ikkje fått bekrefta.

Då Helgaland blei fråflytta i oktober 1960, sat 83-årige Anna  på hesteryggen ned til Kleivaland. Det same gjorde den ett år eldre broren Lars. Mange bygdefolk, både frå dei andre fjellgardane, Ritland og Kløv, og nede frå Vormedalen hjelpte til med flyttinga. Det var ein bygdedugnad.

Mange var også med då det det var dødsfall på garden. Det var tradisjon at ein starta sørgehøgtida heime før kista blei frakta ned til bygda til bedehus og kyrkjegard. Mange måtte vera med på å skifta om å bera.

Då 87-årige Tormod Helgaland døydde i 1935, blei åtte av dei 10 syskena fotograferte ved kista til faren heime på Helgaland før kista blei boren og kjørt til kyrkjegarden nede i Vormedalen.

Åtte av dei 10 syskena på Helgaland samla ved faren si kiste i 1935, før kista skulle fraktast ned til kyrkjegarden i Vormedalen. Frå venstre: Anna, Lars, Karina, Torkel, Olava, Olaus, Ånen og Eldrid. Syster Taletta var død og Kornelius var i Amerika.(Bildet tilhøyrer Torger Helgaland)

Anna og dei tre andre syskena flytta fyrst til Breiland og seinare til Pundsnes nede på Hjelmeland. Ho levde i åtte år etter at ho flytta frå Helgaland. Ho feira 90 års dagen og fekk fin omtale i Aftenbladet:

Anna feira 90 års-dagen på Hjelmeland. Frå Aftenbladet 22. mars 1967.

Anna Helgaland døydde 21. august 1968 og er gravlagd på kyrkjegarden på Hjelmeland. Ei kvinne som hadde ein lang arbeidsdag bak seg. Ho var beskjeden og gjorde lite av seg.

Men kong Haakon skreiv diplom til henne, rett nok med blekk av dårleg kvalitet, og ordførar Georg Vika kom eins ærend til Helgaland for å overbera den kongelege heideren. Slett ikkje alle som fekk oppleva slikt.

(Dette var blogg nummer to om fjellgarden Helgaland og dei fire syskena som budde der då eg var guttunge. Det kjem meir bloggestoff frå fjellgarden Helgaland i dagane som kjem)

Engelsk sperreballong, handsveiva telefon og batteri-radio på Helgaland

$
0
0

Ånen og Lars Helgaland med eit gammalt ølkrus i tre. Oppe i høgre hjørne skimtar ein telefonen som kom i 1946. (Foto: Oddvar Lavold)

Under krigen hekta det seg fast ein engelsk sperreballong i bjørkeskogane i Svartevasslia. Sperreballongane blei brukte av engelskmennene til vern mot tyske flyangrep. Denne ballongen førte vinden over Nordsjøen i retning av Vest-Norge, Ryfylke og fjellgarden Helgaland. Der hengde den seg fast i bjørkelia. Den blei ikkje verande der lenge.

- Folka på Helgaland gjorde som mannen i kråkevisa. Dei kjørte den heim på låvegolv og der vart sperreballongen som skulle verna mot flyåtak, lema sund og nytta til fredelege føremål, fortel Ingvar Bjørnhus frå Vormedalen.

- Det gummi-aktige ballongstoffet blei det laga regnklede av. Heile Helgalandsslekta fekk spesialsydde regnklede av ballongstoff.  Eg hugsar godt den spesielle gummilukta. Med ballongen følgde det også massevis av tauverk. Kor det blei av, er det ingen som veit i dag. Rester av sperreballongen blei liggjande på låven på Helgaland i årevis etter krigen, fortel Einar Helgaland frå Hjelmeland. Bestefar hans, Olaus, var frå Helgaland og var bror av dei ugifte syskena som blei buande igjen på garden mellom Kleivaland og Trodla-Tysdal.

Ånen Helgaland på veg til Kleivaland våren 1957 med tom kløv på hesten. (Foto: Knut Røe)

- Ånen Helgaland gjekk forbi hjå oss på Kleivaland rett som det var, og jamt tok han opp dropsposen, «Kongen av Danmark», og gav meg ein bombom, fortel Ingvar Bjørnhus.

Ånen og dei andre syskena var snille, gjestfrie og vel orienterte om det meste som skjedde i verda.

Medan Ånen var  åpen,  praten og smilande, var eldstemann Lars meir stillferdig og smålåten. Men ingen må tru at Lars var nokon tosk. Han var interessert i kva som skjedde i verda og var pådrivar for at dei skulle skaffa seg radio på straumlause Helgaland. Løysinga var sjølvsagt batteri-radio. Dermed var det viktig at det alltid var eit godt og full-lada radio-batteri i huset.

Her kom bymannen Sverre Torjusen til å spela ei viktig rolle. Han ferierte tilfeldigvis på nabogarden Kløv påsken 1943. Då gjekk dei forbi Helgaland og oppdaga folgehuset til Lars som sto tomt. Han spurte om få leiga dette huset. Familien Torjusen frå byen blei tekne i mot med åpne armar på Helgaland.  Dei leigar stadig same huset. Nå er det sonen av Sverre Torjusen, Rolf, som er leigetakar.

Sverre Torjusen hadde arbeid i Televerket i Stavanger. Han hadde ofte med seg nytt radio-batteri då han til Helgaland.

- Men dei sløste ikkje med straumen. Vêrmeldinga var det viktigaste programmet. Dei følgde med på klokka og skrudde på radioen rett før meteorologen var på lufta, fortel Rolf Torjusen som har feriert på Helgaland i alle år sidan 1943.

Alle me som hugsar den gammaldagse vêrmeldinga der meteorologen ramsa opp «kysten Lindesnes – Åna Sira, Dalstrôka innanfor, Ryfylkeheiane», ser for seg koss folka på Helgaland sat andektig og høyrde etter. Dei gjorde seg sine røynsler med kva som egna best for dei av det som blei sagt.

- Lars var heilt klar på at vêrmeldinga for Jærens Rev passa aller best på Helgaland, seier Rolf Torjusen.

Men dei hadde ikkje berre radio. Telefon fekk dei i 1946.

Både radio og telefon var plassert i kammerset, rommet rett inn av kjøkkenet, der dei to brørne hadde kvar sin sofa til å kvila seg på. Der sto det ein liten vedaomn også. Her kunne Lars varma føtene sine på sure haust- og vinterdagar.

Dei på Helgaland delte telefonlinja med dei to andra fjellgardane Kløv og Ritland. På telefonsentralen hadde dei ulike ringesignal til dei forskjellige gardane. Nå telefonen ringde til dømes tre lange ring, visste abonnentane kven det var som fekk oppringning.

Telefon-abonnentane som hadde same linja, kunne ringja til kvarandre utan å gå vegen om telefonsentralen på Laugaland.

- På Helgaland kunne dei høyra på ringemåten kva som var på gang. Utan at dei tjuvlytta høyrde dei på ringjemåten at nå var det Anna på Ritland som ringde til Johanna på Kløv. Og som regel visste dei kva grunnen var til at det blei ringt frå Ritland til Kløv, fortel Rolf Torjusen.

Når Sverre Torjusen kom frå byen til Helgaland, var dei på Helgaland interesserte i å vita kven andre som hadde vore ute på reise den dagen. Torjusen tok rutebåt frå Stavanger til Hjelmeland og deretter bussen frå Hjelmelandsvågen til Vormedalen. På Helgaland var dei interesserte i å vita kven andre som hadde vore med på bussen.

- Du veit det at far kjente ikkje dei andre folka i bussen. Men før han gjekk av fekk han vita navna på dei andre passasjerane av bussjåføren. Dermed kunne han orientera dei på Helgaland om navna på dei andre. Som regel hadde dei der opp alltid ei forklaring på kvifor dei andre hadde vore ute på reis, fortel Rolf Torjussen. (Sjåføren var min far, Johan Laugaland)

Sjølv om dei var mykje saman, dei fire syskena Lars, Anna, Ånen og Eldrid, og var vener og vel forlikte, hadde dei ulike oppfatningar om både det eine og andre. Gardsdrifta, til dømes.

Fjellgarden Helgaland blei fråflytta hausten 1960. Dei fire syskena budde i huset til venstre. Viss Ånen gifta seg og fekk familie, skulle jentene flytta i Jentehuset til høgre. Lars hadde sitt eige hus, men det fekk bymannen Sverre Torjusen leiga. (Foto: Oddvar Lavold)

Ånen brukte slåmaskin, men Lars slo med ljå. Dei to brørne på fjellgarden Helgaland  hadde kvar sitt bruk. Den eldste Lars, hadde ein mindre part, medan den 15 år yngre Ånen hadde hovedbruket.

Om det var den yngre broren som var yngre og meir innstilt på å modernisera drifta, er ikkje godt å seia i dag, Men han slo sitt gras med maskin og kjørte høyet inn på låven med hesten.

Lars slo med ljå og bar turrhøyet inn i løa si på ryggen. Han dreiv slik dei hadde gjort på Helgaland i generasjonar. Ved å bruka ljå fekk Lars meir av graset med seg når han slo. Dermed blei det meir fôr til sauene. Slåmaskinen kunne aldri vera så finstilt at alt kom med på enga. Slik forklarte han det.

Den stillferdige Lars hadde også ei anna side. Han hadde vore sprek som ei fjellgeit i sine yngre dagar. Då far min bygde hytta ved Storsteinsvatnet, på grunn leigd av Helgaland i 1945, stilte alle mannfolka frå fjellgardane Helgaland, Kløv og Ritland på dugnad for å laga eit torvtak etter all kunstens reglar på den nye hytta.

Då arbeidet var gjort, tok dei beina på nakken og la ut over hei og hammar heim igjen til gardane sine. Utan at noko blei sagt, utvikla dette seg til kappgåing av råaste sort. Etter ei stund, vinka Lars, som var den eldste i flokken. -Berre gå, eg greier meg sjøl, var melding han gav.

Dei andre friskusane dreiv på ned ei stupbratt li der vegen går i ein lang sving på tvers av lia for at det skal vera framkommande for folk og fe. Då dei andre karane kom ned lia, låg Lars med eit langt strå i munnviken og flirte. Då hadde han gått rett ned brattaste skrentane. Der hadde han kappsprunge med geitene i sin ungdom.

Lars var fødd i 1876. I sin ungdom var han ute i verda og tjente som dreng. Ei tid arbeidde han på garden Sande på Hjelmeland. Men det meste av sitt vaksne liv budde han på Helgaland, fram til garden blei fråflytta i oktober 1960. Då var ikkje Lars så god til å gå. Han måtte sitja på hesteryggen frå Helgaland til dei kom fram til bilvegen nede på Kleivaland i Vormedalen.

Lars døydde i 1961, 85 år gammal. Han er gravlagd på kyrkjegarden i Vormedalen.

(Dette var den tredje bloggen om fjellgarden Helgaland og dei fire syskena som budde der. Eg kjem med meir i neste veke)

Den dagen Helgaland blei fråflytta

$
0
0

Dei fire syskena på Helgaland i 1960 rett før dei flytta frå garden. Frå venstre: Eldrid, Anna, Ånen og Lars. Dei var ti sysken i alt. (Foto: Oddvar Lavold)

Frå 1602 til oktober 1960 budde det folk på fjellgarden Helgaland i Hjelmeland. Men då flytta dei fire syskena Lars, Anna, Eldrid og Ånen frå den veglause garden. Dei hadde kjøpt seg hus på Breiland mellom Hjelmelandsvågen og Vormedalen.

Oddvar Lavold som på den tida var journalist i Dagbladet Rogaland, skreiv ein artikkel om den vemodige flyttedagen i årboka til Stavanger turistforening i 1960:

Vi vet ikke hvilke tanker disse fire hedersmenneskene hadde da de dro til bygds en kald oktobermorgen. De er for meget heiefolk til at de lar følelsene komme til syne. De var heller muntre der de pratet med de mange som hjalp dem over heia.

Men nede i bygda møtte de venner og kjente – og hos dem var det mangt et vått øye å se. Handfaste karer som hjalp til med transporten, lot heller ingenting komme fram i ansiktet av følelser, men etterpå fortalte de at det nok satt en klump i halsen.

Det var et underlig følge som dro til bygds. De to gamle er skrøpelige til fots etter å ha slitt på tunge bører daglig i et langt liv på en veglaus gard. Det måtte hest til for å få dem til bygds gjennom vanskelig terreng. Og det sier seg selv at disse to aldri vil se heimen igjen.

Tormod og Anna Helgaland med alle dei ti borna som vaks opp på garden. Framme frå venstre: Karina, Anna, Anna, Tormod og Eldrid. Bak frå venstre: Torkel, Lars, Taletta, Olaus, Kornelius, Olava og Ånen. (Bilde frå bygdeboka for Hjelmeland)

Oddvar Lavold skildrar i artikkelen alle dei tre fjellgardane Helgaland, Kløv og Ritland. Dei to andre blei fråflytta ganske raskt etter at folka på Helgaland var farne:

Helgaland ligger bak fjellet nedenfor Kløv. Veger går over åsen, og fra toppen ser en den store sletta ved elva nede i dalbotnen. Husene kryper sammen i bakken ovenfor sletta. Det ser ut som de forsøker å flykte fra en diger steinur under det steile fjellet rett ovenfor. Nedenfor sletta forsvinner elva ned den styggbratte lia til Trodla-Tysdal.

Den fjåge bonden på Helgaland, Ånen, tok også journalist Lavold på kornet. Alle som kjende han, kunne levande sjå og høyra det for seg då Ånen tok mot den framande journalisten. Ånen var 69 år då han flytta frå Helgaland. Lars var 84, Anna 83 og Eldrid var 66.

 Ånen ler godt der han tar mot oss på trappa. Det er noen dager før de skal flytte fra garden. Han fordi han synes det er så komisk at han har dyrket opp en mengde ny jord og stappet låven full av godt fôr til dyra – for så å reise fra det hele.

 - Hvis vi lengter, kan vi bare dra opp igjen og fortsette der vi slapp, smiler han uten på noe vis å gi uttrykk for det tragiske i situasjonen.

 Det er omlag 35 dekar dyrket mark på Helgaland nå. Ånen har dyrket meget, far hans før ham igjen.  To bolighus med torvtak ser velholdte ut, men de er små. Uthuset er heller ikke stort, men det er mer moderne, med bølgeblikktak og låvebru.

 Helgaland hadde i fjor 26 sauer, 4 kyr, 2 ungdyr og 10 lam som nå er spredde for alle vinder, solgt og hentet bort.

Her er bloggaren med melkespannet og fetter Magne Clausen frå Stavanger på veg til Helgaland for å kjøpa melk påskeferien 1957.

Grunnen til at Helgaland og folka som budde der, alltid har hatt ein stor plass i mitt hjerta er enkel. Far min fekk leiga grunn av Ånen Helgaland  til å byggja seg ei lita hytte ved Storsteinsvatnet. Me ferierte der mange somrar medan eg var gutunge. Då gjekk me til Helgaland kvart år. Ærendet var at me skulle kjøpa melk. Dessuten fekk me låna telefonen og spørja nytt heime på Laugaland som jo var verdens navle for meg. Der var det både postkontor, telefonstasjon og bussgarasje.

På Helgaland blei me trakterte etter alle kunstens reglar med pådekka bord i bestastova. Heimelaga brød, nysila mjølk, eigprodusert smør og pålegg.

- Einaste dei ikkje lagar sjølv på Helgaland, er kaffien, fortalde eg dei andre ungane då eg kom heim til Laugaland.

På ein veglaus fjellgard kunne ein ikkje kjøpa alt ein såg og dra det med seg heim. Alt måtte berast på ryggen eller fraktast med kløvhest frå Helgaland.

Det var andre tider.

I dag er det Torbjørn Helgaland, gardbrukar på Kro i Hjelmeland, som eig Helgaland. Bestefar hans, Torkel, var ein eldre bror av Ånen Helgaland.

(Dette var den fjerde og siste bloggen om Helgaland og dei fire syskena som budde der. Takk til dei som hjelpte meg med å fylla ut bildet mitt: Fredrik Koch, Torger Helgaland, Rolf Torjusen, Einar Helgaland og  Ingvar Bjørnhus. I tillegg har eg brukt bygdeboka for Hjelmeland og artikkelen som Oddvar Lavold skreiv i Stavanger turistforening si årbok frå 1960.)

Nytt piano i stuå eller gris i bakgården?

$
0
0
Dyraste piano kostar 3000 kroner, står det i denne store annonsa i Aftenbladet januar 1917.

Over 30 nye piano, pluss ein del orgel er venta inn til Paulus Pianolager. Er du interessert? Då må du vera rask, for dei fleste intstrumenta er selde før dei er framme i Stavanger eller når dei blir pakka ut i Stavanger. Alle piano er frå dei største og finaste fabrikkane i Tyskland: Dørner, Steinweg, Zimmermann og så vidare. Eit nytt flygel frå du til 2300 kroner. Piano-prisane varierer frå 1150 kroner til 3000 kroner.

Annonsa i Aftenbladet i januar 1917 fortel at enkelte, etter den tidas mål, velta seg i ufatteleg rikdom og luksus, medan andre hadde meir enn nok med å få endane til å møtast. Dei fleste levde nokså normalt. Det var lite snakk om ulukker i Stavanger. Meir uhell.

Ute i Europa hadde krigen rasa i snart fire år. I nøytrale Norge gjekk livet tilnærma normalt. Fabrikkane gjkk for fullt. Arbeidsløysa var omtrent borte. Skipsredarane sopa inn pengar. Fraktratene var skyhøge. Det gjekk gjetord om skip som var betalte etter ein vellukka tur over Atlanterhavet. Spekulantane opplevde høgkonjunktarar på alle felt. Bli rik, kjøp aksjar var parolen.

Sjølv om eg for lengst er slutta i Aftenbladet, er det vennlege sjeler som let meg sleppa inn i kjellaren og bla i gulna aviser. Eg skulle ikkje bruka lang tid før eg hadde latt meg fortapa i alle mulige slags saker. Ei gammaldags avis er omtrent som fronten på ei moderne nettavis. Skummar du nedover så finn du all verdens ulike saker.

Men den gamle avisa er overlegen på ein måte. Du slepp å klikka deg vidare inn i materien. Alt blir fortalt, kort og greit, der og då.

Aftenbladet var inga tjukk avis i 1917. Den var tynn og full av tekst. Bilete var det neste ikkje.  Lesarane får etter måten lange rapportar frå krigen i Eurpopa og resten av verda, men det som eg studerte med størst interesse var skildringa av det meir kvardagslege livet i småbyen Stavanger og distriktet rundt byen.

Ikkje alle var på jakt etter piano. Andre hadde nok med å skaffa den daglege føda. Skulle helserådet i byen tillata folk innanfor bygrensene å ha fôra opp slaktegris i sin eigen hage? Spørsmålet var reist i ei notis i Aftenbladet. Slik avisa oppfatta stadsfysikus, den tidas helsesjef, finner han det under de nuværende forhold rimelig, at saadan tilladelse gis, efter andragende for hvert enkelt tilfælde.

Frå Aftenbladet januar 1917.

I Stavanger bys historie står dette: Det var full sysselsetting i Stavanger de tre første krigsårene. For kvinner var arbeidsmarkedet så stramt at det var «en følelig mangel paa dyktige tjenestepiger og kvinder til fabrikerne». Men det i 1916 hadde vært balanse mellom tilbud og etterspørsel etter mannlig arbeidskraft, endret dette seg sist i 1917, og forholdet forverret seg raskt i 1918.

Aftenbladet i Ølklemmå rapporterte både frå den store verda og småbyen Stavanger.

Frå 1917 fekk folk flest det verre. Prisstigninga tok av. Det blei dyrtid for folk som hadde arbeid, men aller verst blei det for pensjonistar, uføre og andre uten jamn inntekt.

Vidare heiter det i byhistorien: Luksuforbruket og de ekstragavante vaner i nyrike miljøer sto i grell kontrast til dette. Den rå og materialistiske utviklingen forbitret også folk med et borgerlig politisk syn. Kontrasten mellom de manges slit for å holde oppe en ikke særlig høy levestandard og aksjejobbernes prangende levemåte var frustrerende og provoserende. Verst var det i de større byene med et eksportrettet næringsliv. «Det var mange som forarget seg over jobbingens utslag i Stavanger. Noen fant sin trøst i at det var enda verre i Haugesund.»

OBS!

Ikkje gå glipp av neste blogg. Der kjem det eit intervju med stavangermannen Kornberg som var fem døgn om bord i tysk ubåt etter at skipet hans var blitt senka i Nordsjøen av den same ubåten. Pluss mykje anna forvitneleg maritimt stoff. Bloggen kjem kva dag som helst.

Stavanger-gutt fange i tysk ubåt i fem dager

$
0
0

En tysk ubåt har stoppet et nøytralt skip og forberede senking. Slik foregikk det ofte under første verdenskrig. (Bilde fra Norges Historie)

Den 16-årige Stavanger-gutten Rolf Kornberg opplevde sitt livs drama 18. desember 1916 da han ble ført om bord i den tyske ubåten U-71 midt i Nordsjøen sammen med 16 andre fra den norske lastebåten «Herø» fra Ålesund. Sjøfolkene  ble straks kommandert under dekk på ubåten.

Det norske dampskipet som var på vei fra Fredrikstad til London med høvlet trelast, ble rett etter senket av tyskerne.

- Vi hørte 23 skudd og forsto at dermed var vort skibs skjæbne beseglet, fortalte Rolf Kornberg til Stavanger Aftenblad den 6. januar 1917.

Dagen før var den unge sjømannen kommet hjem til Stavanger og Aftenbladet var straks på plass og sikret seg historien om hvordan skipet ble ødelagt og senket og i tillegg Rolf Kornbergs opplevelser under det fem dager lange oppholdet om bord i ubåten.

Skipet som var på 1800 tonn, var kommet omtrent 100 nautiske mil ut i Nordsjøen, da en tysk ubåt stanset «Herø» med et varselsskudd på ettermiddagen 18. desember.

Kaptein A. Blankholm rodde sammen med fire mann over til ubåten med skipets papirer. Den norske kapteinen prøvde å redde sitt skip ved å foreslå at det kunne gå til tysk havn. Men skipssjefen på ubåten, kapteinløytnant Hugo Schmidt, var ubønnhørlig. Skipet som førte last til England, skulle senkes.

Livbåten fra «Herø» vendte tilbake, nå med seks tyskere i tillegg til nordmennene. Besetningen på den norske båten fikk fem minutter til å forlate båten. Det var akkurat tid til å få med seg litt tøy, men de fire som allerede var om bord i livbåten, fikk ikke noe med seg.

Om bord i ubåten var det trangt og en eiendommelig trykkende luft under dekk, så pusten gikk tungt. Offiserene fra «Herø» fikk en offiserslugar til disposisjon, mens mannskapet på 10 mann måtte ta til takke med to små rom som var forsynt med to hengekøyer og to benker.

- Noen av oss måtte ligge på dørken, forteller unge Kornberg.

I januar 1918 dro Rolf Kornberg til sjøs igjen med NALs «Drammensfjord».

Kosten var ikke rare greiene. Et par brødstykker med syltetøy i stedet for smør om morgenen pluss kornkaffe. Middagen var stort sett velling.

Men det verste for nordmennene var den innstengte lufta. Bare enkelte korte opphold på fem minutt på dekket, var tilbudet. En av dagene var ubåten neddykket fra klokka 10 om formiddagen til klokka 5 på ettermiddagen. Ubåten ble visstnok forfulgt av den engelske ubåt.

- Hvorledes behandlet tyskerne jer for øvrig? Slik spør journalisten i januar 1917.

- Jo, de fleste av dem var snille mot os. Beklageligvis kunde ingen av os 10 forstaa tysk, hvilket naturligvis vanskeliggjorde forholdet, svarer unge Kornberg.

På lille julaften var det befrielsens time for nordmennene. Da de fikk Helgoland i sikte, fikk nordmennene komme på dekk. Litt senere på dagen ble de landsatt i Wilhelmshafen. Der ventet den norske generalkonsulen, Schanche, som tok seg av sjøfolkene fra «Herø». Men de måtte vente en uke før de fikk reise hjem.

Førstereisgutten Rolf Kornberg virket, ifølge Aftenbladet, ikke mye skremt av opplevelsene på sin første tur. Men han syntes det var litt trist at skipet fikk så kort levetid. Faren hans hadde ført skipet ett år fra det var nytt.

En spennde historie fra Aftenbladet i 1917. Er det mulig å finne ut mer om førstereisgutten Rolf Kornberg fra Stavanger?

På Google får du raskt svar:

Rolf Marius Kornberg ble født i Stavanger 16. desember 1900. Han ble døpt 20. januar 1901 i St. Johannes kirke. I 1910 bodde familien Kornberg i Hjelmelandsgata 31. 19. mai 1915 ble Rolf Marius Kornberg konfirmert.

Den unge mannen ble tydeligvis ikke skremt fra å gå til sjøs igjen. I januar 1918, den første verdenskrig er ikke slutt, har Rolf Kornberg mønstret på dampskipet «Drammensfjord», tilhørende Den norske Amerikalinje.

Senere gikk Rolf Marius Kornberg i land i New York og ble amerikanske statsborger. Han ble gift med irske Agnes. De fikk datteren Patricia. Norsk-amerikaneren døde i 1967 i Brooklyn.

I «Stavanger Bys Historie» står det følgende om den lokale sjøfarten og verdenskrigen: Fram til mars 1917 skjedde senkningene stort sett hensynsfullt. Skipene ble praiet og første senket etter at mannskapet var kommet i båtene. Dette endret seg våren 1917, etter at tyskerne hadde erklært uinnskrenket ubåtkrig i en vid sone rundt De britiske øyer.

Vill vest, ubåtkrig og en etterlatt skipskatt

$
0
0

Maleriet viser en tyske ubåt som har senket et troppeskip.

Først ble den norske lastebåten «Older» av Bergen stoppet av en tysk ubåt. Deretter kommanderte tyskerne besetningen fra et italiensk handelsskip om bord i det norske skipet. Den italienske damperen ble så et offer for den tyske ubåtens kanoner. Ikke nok med dette: 9 mann fra den tyske ubåten ble satt om bord i det norske skipet og overtok kommandoen. Tyskernes plan var å bringe det norske skipet med mannskap, last og italienske passasjerer til Tyskland som krigsbytte.

Ikke alt gikk etter den tyske planen.

Historien om «Older» var helt ukjent for Aftenbladets lesere fram til den 16. januar 1917. Men kvelden før dette avis-oppslaget, hadde styrmann Ingebr. Larsen kommet hjem til Stavanger. Neste formiddag har en av Aftenbladets medarbeidere fått tak i den hjemkomne styrmannen som forteller om «Older»s eventyrlige reise som ble bergensdamperens siste reise. På ettermiddagen kunne Aftenbladets lesere ta del i de dramatiske hendelsene.

Den første verdenskrig preget Europa. Nøytrale Norge og ikke minst norske sjøfolk, merket  dette. Fram til våren 1917 ble ubåt-krigen ført med en viss menneskelighet. Skip ble stoppet av ubåten. De nøytrale skipene ble senket dersom de førte krigsviktige varer for fienden. Men sjøfolkene om bord fikk som oftest sjansen til å forlate skipene før de ble senket.

Sjøfolk kom plutselig reisende hjem og hadde dramatiske historier å fortelle:

- Vi gikk fra Newport i Wales den 11. november i fjor (1916) med en last med kull til Gibraltar. To dager senere ble vi stoppet av en tysk ubåt utenfor Kap Finisterre, forteller styrmann Larssen til Aftenbladet.

Ubåten skjøt to varselsskudd. Kapteinen på det norske skipet måtte dra i en livbåt over til tyskerne og orientere om sin reise og lasta om bord. Ubåtsjefen studerte skipspapirene fra «Older» før han bestemte hva som skulle skje videre.

Et italiensk  dampskip var allerede stoppet av den tyske ubåten. Hele den italienske besetningen ble nå beordret om bord i den norske dampbåten. De italienske livbåtene fikk nordmennene ordre om å ta seg av.

- Deretter ble den den italienske damper sænket ved kanonild», heter det videre i Aftenbladet.

Tyskerne hadde en plan. De satte ni mann om bord i «Older» som såkalt prisemannskap. De overtok kommandoen om bord og satte kursen nordover langs Irlands vestkyst.

Ubåten gikk foran den beslaglagte norske båten på dagtid. Nattestid holdt den seg aktenfor «Older».

Etter ett døgns seilas kom en engelsk tråler mot den norske båten . Ubåten dykket straks under. Da tråleren var kommet fem kvartmil aktenfor «Older», kom ubåten til overflaten ved tråleren og skjøt denne i filler uten varsel.

Styrmann Larssen betegnet det som litt av et under at ikke noen av de engelske fiskerne ble kvestet eller drept. De åtte engelske fiskerne ble fisket opp av havet av undervannsbåten som så brakte dem om bord i «Older».

- De stakkars mennene var i en ynkelig forfatning – til dels halvnakne. Med det tyske prisemannskapet var det nå i alt 64 mann om bord hos oss, ifølge styrmannen.

«Older» av Bergen med mennesker fra halve Europa om bord, seilte videre langs irskekysten med den tyske ubåten som førende skip. Kort tid senere stoppet ubåten et av den hollandske Amerikalinjens skip på vei mot vest. Ubåtsjefen ville at bestningen på «Older» skulle ta seg av hollenderens livbåter, men han besinnet seg. Det store passasjerskipet fikk ordre om å fortsette.

Det var midt i november. Plutselig kom stormen. «Older» hadde livbåtene til det italienske skipet på slep. Disse forsvant i uværet. De mistet også sine egne livbåter. I to dager kjempet de mot uværet. Undervannsbåten kom bort fra sitt bytte. Den 18. november dukket et nytt stort og ukjent skip opp i horisonten.

Den britiske hjelpekrysseren «Otway» var en tidligere passasjerbåt som ble rekvirert av Royal Navy. Skipet ble senket av en tysk ubåt høsten 1917.

Den britiske hjelpekrysseren «Otway» nærmet seg og begynte å signalisere. Tyskerne hadde rigget opp radiostasjon om bord. Den rigget de ned. De svarte heller ikke på signalene fra den britiske båten. Dermed satte britene båt på sjøen. Med fem-seks mann om bord kom de over til «Older».

Nå kastet tyskerne alle sine skytevåpen og kikkerter over bord.

- En av disse kikkerter var jeg heldig nok til å snappe, innskyter hr. Larssen, stadig ifølge Aftenbladet.

Det tyske mannskapet ble tatt til fange. Men den tyske løytnanten sa idet han gikk i båten at alle måtte forlate skipet i løpet av en halv time. Fordi det var plassert tyske bomber om bord rundt på hele fartøyet.

Nordmennene blåste av tyskernes advarsel, men så kom det melding fra den engelske hjelpekrysseren om at alle måtte evakuere fra «Older». Den norske kapteinen, Johan Thams Mohn, var lite villig til å gå med på dette kravet. Han adlød på en betingelse. Sjefen om bord i «Otway» måtte love å bli liggende i nærheten inntil det var klart om skipet gikk luften eller til neste morgen.

I det dårlige været var det en strabasiøs operasjon å få alle mann over i den britiske hjelpekrysseren. Det gikk to timer før alle var overført.

Det eneste levende vesen som var igjen om bord i «Older», var skipskatten.

Det var en søndag. «Older» fløt fortsatt. Da forsto alle at den tyske løytnanten hadde skrønt. Samtlige fra «Older», unntatt tyskerne,  ble satt om bord igjen.

Utpå søndagsettermiddagen stakk «Otway» til sjøs igjen, mens «Older» satte kursen mot Stornoway. Der var de framme tre dager senere. De ble liggende der i en ukes tid for å sette skipet i stand før de gikk videre til Cardiff der hovedreparasjonen skulle foregå.

Da skipet var ferdig reparert, dampet «Older» på ny av gårde med den samme lasta med kull som skulle til Gibraltar. Den 2. januar 1917, 20 kvartmil fra Oporto, suste det av skarpe skudd og prosjektiler rundt ørene på nordmennene. De forsto at det var en ny ubåt som hadde oppdaget dem, men kunne ikke se den på grunn av det skarpe solskinnet.

Det ble slått stopp i maskinen. Den tyske ubåten – U 79 – kom opp til skutesida og det ble spurt på norsk om hvor de skulle hen og hva slags last de hadde.

Etter at dette var klart, gav ubåtsjefen, kapteinløytnant Heinrich Jess, ordre om at alle om bord måtte gå i båtene. Skipet skulle senkes.

Ikke før var den norske besetningen på 21 mann kommet i båten, så ble «Older» senket med en rekke skuddsalver og sank ganske raskt med akterenden først.

Nå var det et deilig vær på havet utenfor den portugisiske kysten. Nordmennene hadde det godt i båtene fram til de tre timer senere ble tatt opp av den danske damperen «Charkarkow» som hadde vært praiet av den samme ubåten, men hadde fått lov til å fortsette sin reise. Nordmennene ble landsatt i Deal i England.

-  Det var mangt et tungt tak å ta under denne reisen, men det blir et uforglemmelig minne, oppsummerte styrmann Ingebr. Larssen til Aftenbladet.

Det sto ikke i Aftenbladet, men ved å søke på nettet, fant jeg utskriften av sjøforklaringen i London 10. januar 1917. Her framsto den 32-årige maskinist Daniel Danielsen fra Stavanger som vitne. Det kan godt hende at det var flere fra Stavanger som var med på den dramatiske, siste reisen med «Older» av Bergen.

Skipskattens skjebne er også ukjent.

Frekk, forveten tosk på nattruta

$
0
0

Det nye nattruteskipet «Stavanger» passerer Haugesund på presentasjonstur søndag 19. mars 1950.

- Du er ein forveten, frekke tosk. Det er ei skam at du har fått matroshyra. Du kan ikkje ein knute ein gong.

Det var litt av ein attest eg fekk av ein gammal sur karmøybu som var matros om bord i nattruteskipet «Stavanger» i 1970.  Eg hadde latt meg lokka til å gå om bord i nattruta 15.mai for å vera matros der. Mannskapsavdelinga til Stavangerske mangla folk og dermed blei eg sendt om bord i den svarte, nokså fallerte båten. I 20 år hadde den gått trufast fram og tilbake mellom Stavanger og Bergen då eg fekk min ilddåp der.

I eigne auer var eg ikkje så ubrukeleg til å jobba på nattruta. Hadde eg ikkje vore på «bådane» fire somrar på rad: «Hjelmelandsfjord», «Tau», «Strand» og «Rennesøy». Hadde stått på og lagt meg opp pengar til å gå på skule for om vintrane. At eg frå fyrste dag hadde fått matroshyra, var ikkje min feil.

Men det blei teke ille opp av surpompen på nattruta. Han takka meg ikkje ein gong då eg måtte gå vakta hans etter at supermatrosen hadde ramla på fylla og var ute av stand til å gjera skips arbeid. Denne mannen var unntaket. Dei andre om bord var greie med meg. Eg fekk ikkje meir kjeft enn eg fortjente.

«Stavanger» i Stavangerske si flytedokk på Klasaskjeret. (Foto: Johannes Østvold)

På dei andre båtane hadde eg vore saman med folk som hadde jobba om bord i nattruta. Ut frå det dei hadde sagt, burde eg styrt unna. Men det var ein fristelse eg ikkje kunne stå i mot. I ein alder av 21 år hadde eg aldri vore i Bergen. Kommande haust hadde eg planar om å reisa til Bergen for å studera. Det kunne jo vore spennande å sjå byen mellom dei sju fjell før eg reiste av garde dit med mitt beskjedne flyttelass.

Eg sov ikkje mykje natta til 16. mai 1970 0g eg var tidleg ute og studerte innseilinga til Bergen. Kvarven, Puddefjorden, Laksevåg og Askøy. You name it. På mi frivakt klappa «Stavanger» til kaien på Bradbenken i Vågen i Bergen.

«Stavanger» blei sett i fart 19.mars 1950. Etter den dag blei det ikkje forandra mykje på arbeidsordningar og rutiner der om bord. 20 år seinare var det stadig folk som hadde seilt der sidan båten var ny. Det var ikkje heilt enkelt å finna ut kor ein skulle gjera av seg alltid.

På dei fleste båtar var det slik at viss du var på vakt og sto til rors på brua inn til kai, gjekk du bak på hekken og sette fast aktertauet før det blei slått stopp i maskinen. Slik var det ikkje på nattruta.

Ein gong hadde eg styrt til kai på Sandnes og gjekk bak for å fortøya der. Men der var det alt ein mann i arbeid. Han berre flirte hånleg av meg: – På mandagar på Sandnes skal rormannen ta tauen på baugen, sa han.

«Stavanger» var ein komplisert båt med mange trapper og gangar. Den første veka var det lett å gå feil i den flytande labyrinten.

Og så mykje folk som jobba om bord: Kaptein, to styrmenn, to losar, båtsmann, dagmann, seks matrosar, tre maskinistar, tre motormenn, restauratør, kokk, byssegutt pluss pikene som serverte og heldt lugarane i orden. I tillegg var det alltid postfolk om bord når båten gjekk i ruta.

På dette skipet gjekk mannskapet sjøvakter dag og natt. Fire timar vakt, åtte timar fri. I Bergen låg båten ved kai heile dagen. Då kjørte matrosane vinsj for det meste. Som nykommar var eg henvist til å kjøra vinsjen på akterdekket dei første vekene. I rommet gjekk det mest i brennevin. Alt brennevin til polet i Stavanger, kom frå lageret i Bergen. Brennevinslasta var forsegla og sikra etter alle kunstens reglar. Det var uråd for tørste sjauarar og matrosar å få laga svinn i lasta.

I Stavanger var ikkje dagane like. Nattruta kom til byen mellom åtte og halv ni på morgonen. Som oftast gjekk turen vidare til Sandnes. Var det ledig kai ved BP sitt tankanlegg ved Lurahammaren, blei det bunkra drivstoff.

I Sandnes havn skulle det lossast og lastast. Nattruta hadde i si glanstid alltid med seg både landbruksprodukter og diverse landbruksmaskiner til Bergen. Ei blå høykanon på fordekket var omtrent ei fast innslag om bord i nattruta på veg nordover.

I mi tid gjekk «Stavanger» frå heimbyen søndag, onsdag og fredag. Frå Bergen mandag, torsdag og lørdag. På tysdagskveldane låg «Stavanger» i ro. Viss det var last til Sandnes, overnatta nattruteskipet der. Var det tombola, var skipet forvist til Kålatomta på Sølyst, rett over Skjeret.  Ein bakvendt plass. Du måtte ta byferjene til byen.

Min første rundtur som nattrute-matros var litt spesiell. Det var 17. mai, første pinsedag og full fest i byen då «Stavanger» klappa til kai. Då passasjerar og aldri så lite last var på land, forhalte me til «Haugesund» sin faste plass på Strandkaien. Medan barnetoget samla seg på land, begynte festen om bord. Ein musikalsk motormann med trekkspel samla lugarane full av feststemte vaskekåner – det blei sagt så då. Då eg kom om bord igjen forholdsvis seint på kvelden, var vaskedamene stadig på post. Det var mykje uskuldig moro i gamle dagar!

Neste morgon var det andre pinsedag og oppseiling til Bergen. Turen nordover gjekk i dagslys. Same kveld var det retur sørover.

«Stavanger» på veg ut frå Sandnes siste gong i 1973. (Foto: Johannes Østvold)

(Frå nyttår går det ikkje rutebåtar mellom Bergen og Stavanger lenger. Eg kjem med meir bloggestoff om rutebåtar  på strekninga)