
Øyvind Hebnes blei riven med av eit innslag i NRK Rogaland. Dermed kjørte han for fort i Finnfast. Det kosta han 6500 kroner. (Fotomontasje: Tor Pedersen)
Finnfast-bilistane punga ut med 3 millionar kroner i fartsbøter i fjor. Pengane susar inn i statskassen i like stor fart i år. Finnøy-kjendisen Øyvind Hebnes, tidlegare eigar av Øyposten og tidlegare Senterparti-leiar har nyleg punga ut med 6500 kroner i bot for å ha kjørt 83 kilomteter i timen i 60-sonen nede i Finnfast-tunnelen.
- Eg sat og høyrte på NRK-lokalen og gløymte meg heilt ut. Temaet som blei omsnakka der, interesserte meg. Dermed kom eg ikkje på å redusera farten. Fyrste då eg merka det blinka, fekk eg mistanke om at det kanskje hadde gått litt for fort, seier Øyvind Hebnes som hadde mista lappen dersom han hadde kjørt 3 kilometer fortare. Dette er andre gongen Hebnes er registrert med for stor fart i 60-sonen i Finnfast. For eit par år sidan heldt han 72 kilometer i timen forbi fotoboksen. Då fekk han 3800 kroner i bot.

- Eg er den som har kjørt fortast i Finnfast utan å bli teken, hevdar Stephan Dickinson, skipsredar, bonde og aviseigar på Finnøy.
Fotoboks-rapporten for 2012 frå Stavanger politidistrikt er interessant lesnad. 29 bilistar på veg gjenn0m Finnfast frå Rennesøy til Finnøy mista lappen etter å ha kjørt for fort i 60-sonen nede i tunnelkrysset der tunnelarmen til Talgje tek av. 841 bilistar har fått forenkla førelegg på den same korte tunnelstrekninga. Denne fotoboksen sørga for 2,245 millionar kroner til statskassen. Ingen andre fotoboksar i Rogaland politidistrikt har vore så innbringande for staten. Nærast er fotoboksen på Revheimsvegen i retning frå Stavanger mot Revheim kirke. Der kom det inn 2,23 millionar kroner i fjor.
Totalt blei det skrive ut bøter og forenkla forelegg i Finnfast for 2,989 millionar kroner. Det blei skrive ut 1173 forenkla forelegg og beslaglagt 33 førarkort. 183 069 kjørtety blei kontrollerte.
Totalt kom det inn over 13 millionar kroner i fartsbøter frå fotoboksane i Rogaland politidistrikt.
Finnfast-tunnellen er heilt spesiell med 60-sonen nede i tunnellen. Årsaka er Talgje-krysset. Men tunnelen er godt merka med skilt, og det er godt lys. Likevel gløymer folk seg ut og kjører for fort.
Politioverbetjent Rune Svensen, sjef for trafikkseksjonen ved Stavanger politistasjon seier at det er ein svært liten del av bilistane som kjører for fort. Finnfast 2, fotoboksen i 60-sonen i Talgjekrysset, har det høgaste talet på fastsoverskridingar, men den er likevel under 1 prosent som har for stor fart.
- 94 315 kjørety passerte denne fotoboksen på dei tidspunkta då den var aktiv. 1130 overtredelsar blei registrert. Av dei fekk 876 ein reaksjon. Dei restarande var for det meste utrykningskjørety, brannbilar, politibilar og ambulansar, opplyser politioverbetjent Svensen.
Politiet tek førarkortet når du blir teken i å kjøra 26 kilometer over fartsgrensa i 60-sonen. Frå 70-sone og ved høgare fartsgrenser ryk førarkortet med 36 kilometer høgare fart enn fartsgrensa. Vanlegvis blir du fotgjengar i tre månader då.
Folk i Finnøy kommune er som ventande opptekne av desse fotoboksane og folka som blir tekne med for høg fart. Eg har teke ein telefonrunde og snakka med folk som eg kjenner frå før.

Mor Finnfast, Jorunn Strand Vestbø, er ikkje teken for råkjøring i Finnfast. Ho brukar som oftast hurtigbåt når ho skal ut å reisa.
- Eg har aldri blitt tatt med stor fart i Finnfast. Men eg er den som har kjørt fortast i tunnellen utan å bli tatt, seier Stephan Dickinson, nåverande eigar av lokalavisa Øyposten.
- Kan eg sitera det på det?
- Sjølvsagt, svarar aviseigaren som også er bonde, skipsredar, eiendomsinvestor og entreprenør.
Jorunn Strand Vestbø, tidlegare mangeårige ordførar i kommunen, blir av mange kalla Mor Finnfast. Har ho fått mange fartsbøter?
- Ingen. Eg kjører sjeldan bil i Finnfast. Som finnøybu er eg oppteken av at me skal bruka hurtigbåten når me skal ut å reisa. Me må sørga for å halda passasjertalet oppe på desse rutene som sørger for et godt rutetilbod til alle øyane i kommunen, seier Jorunn Strand Vestbø.

Finnøy-politikar Ottar Sandanger er teken ein gong i fotoboksen i 60-sona i Finnfast.
Finnøypolitikkenens Knoll og Tott, varaordførar Jon Olav Runestad og arbeiderparti-politikar Ottar Sandanger, begge frå Fogn, har sikkert sine meritter i trafikken.
Eg ringer:
- Ein gong er eg teken i 60-sonen i Finnfast. Då fekk eg ei bot på 1600 kroner, svarar Ottar Sandanger.
- Kva med varaordføraren?
- Nei, han er aldri teken med for høg fart i Finnfast. Men han er teken ein gong for å snakka i mobiltelefon medan han kjørte bil, seier Sandanger.
Forgjeves har eg prøvd å få ein kommentar frå Finnøy-ordførar Gro Skartveit. Det viser seg at ho for tida er på ferie i Afrika. Då eg ringde henne, var ho så langt inne i jungelen at ho ikkje høyrte sine eigen mobiltelefon ein gong.
God helg og pass deg for fotoboksane!