Quantcast
Channel: Jonebloggen
Viewing all articles
Browse latest Browse all 93

Skudenes-ferjene var ein stor arbeidsplass

$
0
0

 

Reportasjen frå 1978.

 

 

Visste du at Skudenes-sambandet i 1978 kunne samanliknas  med ei middels stor norsk bedrift? 110 personar hadde sin arbeidsplass på dei fire ferjene som på den tida gjekk i skytteltrafikk mellom Fiskepiren i Stavanger og Skudeneshavn. Det ordinære mannskapet på kvar ferje talde sju mann fordelt på tre skift,  pluss tre personar i restaurasjonen som gjekk på to skift.

Eg burde sjølvsagt ha hugsa dette. For det var eg som skreiv dette i ein stor reportasje som sto i Aftenbladet laurdag 10. juni 1978. Dette var rett før ferjekaien i Mekjarvik blei teken i bruk og Fiskepiren gjekk ut som endestasjon for Skudenes-ferjene.

Det var dåverande Aftenblad-redaktør Per Surnevik som på eit redaksjonsmøte i avisa føreslo at det burde lagast ein slik reportasje. Og før beskjedne meg hadde fått åpna kjeften, hadde redaksjonssekretær Tor Feyling -Hanssen tildelt denne jobben til meg. Saman med fotograf Geir Arnesen drog eg ut på denne jobben. Enkel utrykning: 50 meter å gå frå Aftenblad-bygget til ferjekaien.

Reportasjen er spora opp av Leiv Åmund Hovtun i faktaredaksjonen i Aftenbladet. Dermed kan eg berre pøsa på med fakta-mimring:

Frå styrehuset på «Tungenes». Frå venstre: Kaptein John Håvarstein, styrmann Kjell Bjørgen, matros Trygve Barka og maskinist Magne Eskeland. Matrosen styrer ferja med innretninga han held i handa, går det fram av bildeteksten.

Ferjesambandet til Skudenes blei oppretta sommaren 1970 då ferja «Skudenes» med plass til 45 bilar blei sett i drift. På det første halvåret frakta ferja 31.247 bilar og 79.849 passasjerar. I 1977, med fire ferjer i drift, frakta ferjene 320.000 bilar og 566.000 passasjerar.

Motormann Tore Olav Svines drikk kaffi. Matros Terje Liestøl les i Aftenbladet.

 

Den fjerde og siste ferja «Vardenes» som var sett inn i sambandet i 1977, kosta 18,2 millionar kroner. Ein formidabel sum på den tida.  Men ferjedrifta gjekk med eit solid underskot. For 1978 var det budsjettert med eit underskot på 14,7 millionar kroner som måtte dekkast av staten. Av dei totale kostnadene på 27,8 millionar kroner var berre 13,1 millionar kroner  inntekter frå ferjedrifta.

Restaurasjonsbestyrar Ole Korsvoll viser fram smørbrød for tilsaman 160 kroner.

 

Etter gamalt var det berre alderdom og sjukdom som kunne få folk til å gi opp ein jobb i Stavangerske. Men kampen om arbeidskrafta i oljelandet var blitt merkbar i 1978. I tillegg hadde det oppstått eit større behov for folk etter at ein hadde gått over til tre skift om bord.

Inntil 1978 hadde det vore eit stort innslag av ryfylkingar blant mannskapa på Skudenes-ferjene. Men mannskapsavdelinga merka at det ikkje var populært mellom ryfylke-matrosane at ferja ikkje skulle gå til Fiskepiren lenger. Ryfylkingane ville heller vera på dei nye Tau-ferjene som Stavangerske gjekk og venta på akkurat på denne tida.

 

«Tungenes» som Aftenbladet var med på tur, hadde to maskiner, kvar på 1275 hestekrefter. Det gjekk med 416 liter diesel i timen på full fart. Annan kvar dag blei det fylt 12. 000 liter olje.

For dei som vil lesa heile denne reportasjen, er det berre til å rota i den gamle avisene ved sida av godstolen i stova. Der finn du den, heilt sikkert. Dette er ikkje meir enn 35 år gammalt.

Grunnen til at eg interesserer meg  for Skudenes-ferjer nå, er at eg skal kåsera om rutebåtar og ferjer på Skudefjorden på bedehuset i Skudeneshavn under Skudefestivalen om ein månads tid. Nå må eg forbereda meg til dette.

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 93

Trending Articles