Quantcast
Channel: Jonebloggen
Viewing all articles
Browse latest Browse all 93

Levert som «Rogaland», men enda som «Kvitsøy»

$
0
0

 

Dampbåten «Kvitsøy» gjekk i ruta mellom Skudeneshavn, Kvitsøy og Stavanger frå mellomkrigstida og heilt fram til våren 1957. Då var båten 78 år gammal.

 

2. april 1957 var ein epoke slutt på Skudefjorden. Då gjekk den 79 år gamle dampbåten «Kvitsøy» sin siste tur i ruta mellom Stavanger, Kvitsøy og Skudeneshavn. Det blei gjort stor stas på mannskapet både på Kvitsøy og i Skudeneshavn. Den gamle slitaren hadde gått i denne ruta heilt sidan mellomkrigstida i all slags vêr utan uhell.

«Skudenes» var navnet i 1957. Seinare blei den til «Ternøy». Her fotografert som «Rygerfjell». I dag er navnet «Gamle Skudenes».

Denne båten hadde sett spor etter seg. Søndag 31. mars var avløysaren, den nybygde «Skudenes», på presentasjonstur til Skudeneshavn. Dagen etterpå hadde Aftenbladet stor reportasje frå  storhendinga. Den nye båten blei hylla, men det blei også brukt mykje plass på den gamle båten som nå var ferdig i rutetrafikken. Eit halvt år seinare blei båten seldt til Brødrene Anda for opphogging.

Navnet var «Rogaland» då båten blei levert frå Kockums mekaniske Verkstad i Malmø i mai 1878. I papira frå det svenske skipsverftet  er fartyet omtalt som slepebåt. Den var då også utrusta med ein stor slepekrok akter og i sine tidlege år blei «Rogaland» mykje brukt til slepebåt. Ofte var det den som blei tilkalla når seilskutene skulle til sjøs. I motvind var det for trangt å bauta seg utover Byfjorden. Seilskipa måtte ha slep til dei var klar av Tungenes og kunne setja seil.

Under fyrste verdenskrig var det også mange slepebåtjobbar for rutebåten. Av frykt for tyske ubåtar gjekk mange skip så nær Jærkysten at dei stranda. Ikkje minst var Børaunen utanfor Randaberg ein frykta stad. «Rogaland» var også alltid på plass når nye skip skulle på sjøen ved Stavanger Støberi & Dok.

Stavangerske brukte også «Rogaland» til andre føremål. I 1880 gjekk den fleire turar mellom Kristiansand – Fredrikshavn. Den var også i Hardanger på buksering og sildesalting.

Men det var rutene i fjordane  som var viktigaste jobben for «Rogaland». I 1900 starta dampbåtrutene alltid frå Stavanger om morgonen. Klokka 6 kunne dampbåten leggja ut frå Stavanger med Sauda som mål. På vegen innover var den innom Talgje, Judaberg, Helgøy, Sjernarøy, Nedstrand, Marvik, Sand, Saudasjøen til Sauda der den var framme 12.45 etter ruta. Deretter bar det straks utover fjorden igjen. Då var den innom Sand, Marvik, Jelsa, Knutsvik, Hjelmeland, Fister, Fiskå, Tau. Ved 19.30-tida var «Rogaland» tilbake i Stavanger om kvelden.

Då den nye «Rogaland» skulle leverast frå Stavanger Støberi & Dok i september 1929, blei den gamle omdøypt til «Kvitsøy».

I april 1940 blei «Kvitsøy» rekvirert av tyskarane som brukte båten heile krigen. Det var visstnok «Kvitsøy» som frakta dei tyske soldatane til Oltedal i aprildagane i 1940.

Då krigen var slutt, måtte båten reparerast grundig før den kunne setjast inn rute igjen. I 1957 var det slutt. Ein mann som i si tid var matros på «Kvitsøy» fortalte meg at skroget var så dårleg på slutten, at ein måtte vera forsiktig når ein skulle banka rusta. Ein  kunne risikera å banka hål i skutesida, sa han.

Berre så mykje at det er notert: Dei siste månadene før «Kvitsøy» blei til spiker, skifta den navn for siste gong. Nå blei det «Haukeli». Stavangerske trong «Kvitsøy» som navn på ein ny kystbåt.

Frå Aftenbladet i april 1957 tek eg med dette avsnittet: Den som nå står for tur til å gå ut er Stavangerskes «Kvitsøy», gammel som alle haugene, for å overdrive litt, og årsak til jammer og klage fra folk på Kvitsøy, som med lengsel har sett fram til å få en ny båt. Men det spørs om de ikke når kulingen står innover fra havet og sjøen bryter og bruser, sender en tanke tilbake til gamle «Kvitsøy» og sier: Husker du den gangen?

Etter at «Kvitsøy» var opphoggen, havna dampmaskinen, rattet og kompasset på museum. Folk frå Tekniska Museet i Malmø var hjå Brødrene Anda og kjøpte desse gjenstandane som hadde stått om bord sidan båten blei bygd på Kockums i Malmø i 1878.

Eg har brukt min gamle kollega Magnus Torgersen si bok «Fjordabådane» som grunnlag for å laga denne bloggen. Grunnen til at eg interesserer meg for dette nå, er at eg skal kåsera om rutebåtar og ferjer på Skudefjorden på bedehuset i Skudeneshavn under Skudefestivalen om ein månads tid. Nå må eg forbereda meg til dette.

Her ser du Aftenbladet frå 1. april 1957:

 

Aftenbladet brukte stor plass på presentasjonsturen for «Skudenes» mandag 1. april 1957. Men det sto mykje om gamle «Kvitsøy» også samtidig.

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 93

Trending Articles