Quantcast
Channel: Jonebloggen
Viewing all articles
Browse latest Browse all 93

Sommar, stinter og sandstrand på Skartveit

$
0
0

 

 

Badestrand med palmer på Skartveit. Men det er ikkje like tett med folk alltid.

På Skartveit har dei gjestehavn med eiga palmestrand. Men det var ikkje mange badegjestene då me var der og overnatta frå søndag til mandag. Det kan ha litt med vêret å gjera. Yr og litt sur vind gjer det ikkje så veldig forlokkande å kasta seg i sjøen.

I fleire år ha eg hatt planar om å testa gjestehavna som er blitt svært populær mellom båtfolk dei siste åra. Og havnesjefen sjøl, Anita Ørnes, har sett nesten strengt på meg fleire gonger når eg har truffe henne. Ho har sakna meg. I fjor var me forresten heilt inne i havna og var svært nær å fortøya på Skarveit, men då var det sur austavind og dermed endra me planar og havna på Eidssund på Ombo i staden.  På Skartveit er det lunt i alle vindar unntatt austavind.

Båthavna på Skartveit er blitt eit populært reisemål for båtfolk i Rogaland.

Skartveit har forresten alltid hatt ein spesiell plass i hjerta mitt. Grunnen er at eg fekk eit svært fristande tilbod i 1957. Faren min kom heim og spurte om eg hadde lyst å vera med Osvald Sæbø i Hjelmelandsvågen til Skartveit neste dag. Osvald skyssa lege, lensmann, dyrlege og prest rundt omkring i distriktet. Denne dagen skulle Osvald skyssa sokneprest Langeland frå Hjelmeland til Skartveit på Halsnøy. Ein gammal mann var død og skulle gravleggjast. Presten var bodsendt og klar.

Dette var i den tida då alt var som det skulle. Skarveit og Halsnøy tilhøyrte Fister kommune og Hjelmeland prestegjeld. I 1965 blei Skarveit innlemma i Finnøy og dermed underlagt dei åndelege og verdslege styresmakter i Finnøy.

Medan me låg ved Skartveitkaien og venta på presten introduserte Osvald Sæbø ein ny og uhyre effektiv måte å fiska stinta på. Han sette på ein trippelkrok under kroken med agnet. Når stintene nærma seg agnet, var det berre å rykkja til. Dermed drog du opp tre-fire stintar om gongen.

Då skyssbåten frå Hjelmeland forlet Skartveit med Osvald Sæbø ved roret og sokneprest Langeland i kahytta, låg det dungar med stinta igjen på Skartveit-kaien. Mellom kattane på Fisterøyane går det gjetord den dag i dag om den store stinteorgien på Skartveit i 1957. Eg trur bestemt at stinta blei totalt utrydda her denne dagen. Eg har aldri høyrt om folk som har fått stinta her seinare.

Sist søndag drog me på tur. Kona, meg og tre barnebarn. På Skarveit fann me ein grei båtplass der me fortøyde så godt me kunne.

Småsporvane kosar seg også på Skartveit.

Denne sommaren er alt blitt ti gonger betre enn sommaren i fjor. Men akkurat sist søndag var det ikkje berre sol. Det småyrte og var litt kaldt då me skulle eta middag på bryggerestauranten på kvelden. Me trakk innandørs. På kjøkken styrte havnesjef Anita Ørnes og medhjelparane på. Det blei mat i søkk og kav.

Jøsenfjord-båtane gjekk til Skartveit-kaien i alle år. På veggen i bryggerestauranten hang det bilde av «Erfjord» og «Fisterfjord». Men her mangla både «Jøsenfjord» og «Årdalsfjord» som begge var trufaste gjester på Skarveit. Anita Ørnes fekk beskjed om det.

Det halvsure vêret la ingen dempar på humøret om bord. Ein flott kveld med god stemning både om bord i båten vår og i båthavna. Men neste dag var eg ikkje i stand til  å få datamaskinen min til å kommunisera med internett. Det kan godt vera at det var min eigen manglande datakompetanse som førte til det. Eg er ikkje sikker.

Havnesjefen styrer ikkje berre havna og restauranten. Ho styrer på i butikken på kaien også. Det finst ikkje ferie for slike folk når andre folk sommarferierer. Me drog vidare til nye feriemål.

For eit par-tre år sidan blei skule og barnehage nedlagt på Halsnøy. Men nå har det blitt så mange småungar på øya at barnehagen skal åpnast igjen. Klart alle piler peikar opp på Skartveit nå. Dei har til og med stukke av med ordførar-jobben i Finnøy.

Ordførar Gro Skartveit var sjølvsagt ikkje å treffa. Sist eg prøvde å ringa henne, var ho så langt inne i jungelen i Afrika at det ikkje var mobildekning. Nå har ho vore på  ferie i Nord-Norge i vekevis.

Kvar med sitt, seier eg.

Skartveit i gamle dagar ein gong mellom 1960 og 1980. Dette målarstykket hang i restauranten på kaien.

 

 

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 93